Det kan nesten minna litt om dagens clickbait-strategiar, opptakten til det som har enda opp som ein av våre mest etablerte påsketradisjonar.

Historia skal nemleg ha det til at påskekrimmen såg dagens lys i 1923. Då gjekk dei to studentane Nordahl Grieg og Nils Lie saman om å skriva ei bok. Dei vart einige om å skriva annakvart kapittel, møttest kvar dag for å sjå over stoffet, og gav til slutt ut kriminalromanen «Bergenstoget plyndret inat!» under pseudonymet Jonatan Jerv.

Ungdommelege sprell vart varig tradisjon

Boka handlar, kort fortalt, om eit par ungfolar frå inni hovudstaden som, i jakta på litt spenning i kvardagen, set i verk ei plyndring av Bergensbanen. Dette gjorde dei den 1. april, i håp om at stuntet skulle bli avskrive som aprilsnarr.

For å marknadsføra boka fekk Grieg og Lie inn ein annonse i Aftenposten, som berre inneheldt tittelen på boka som eit stort oppslag og, i skrift som var så lita at mange oversåg ho, prisen på boka og namnet på forlaget.

Kriminalromanar har vore populært påskesyssel for nordmenn i mange år. Foto: Kari Hamre / NPK

Dette skapte stort rabalder blant dei som hadde vener og kjende på toget, som trudde at deira kjære hadde vorte utsette for eit dramatisk åtak. All PR er, som kjend, god PR, og det heile resulterte i at heile førsteopplaget vart seld ut med éin gong, ifølgje litteraturtidsskriftet Vagant. Både handlinga i boka og utgjevinga av ho utspelte seg ved påsketider, og slik meiner mange at påskekrimmens tidsalder så smått tok til.

Det er iallfall dette som er den mest utbreidde oppfatninga.

– Og så er det nokre som hevdar at, «nei, slik var det ikkje», fortel krimredaktør i Cappelen Damm, Anja Rålm.

Somme meiner at påskekrimmen ikkje hadde sitt utspring før etter andre verdskrigen, da sjangeren vart etablert gjennom tv-seriar.

– På 70-80-talet tok krimseriar til å bli veldig stort på NRK, og ein hadde fleire seriøse forfattarar som skreiv djupare, litt meir anerkjent krim. Før det meinte ein at det kanskje var litt for lett til å bli teken seriøst, seier Rålm, og peiker mellom anna på Varg Veum-forfattar Gunnar Staalesen som ein av dei første framståande krimforfattarane i Noreg på slutten av 1970-talet. Det var i løpet av denne tida at krim vart ein etablert sjanger i Noreg.

Påskekrim og hyttekos

– Men kvifor akkurat i påska?

– Dei lærde stridast om utgangspunkt og årsak, men ein tenkjer at desse to faktorane heng saman. Og så speler det jo inn at me har hyttekulturen, som er veldig viktig i Noreg, seier Rålm.

Den norske hyttekulturen kan ha noko å seia for kvifor nordmenn les krim i påska, trur krimredaktør Anja Rålm i Cappelen Damm. Foto: Julie Garmo / NPK

I tillegg peiker krimredaktøren på at me har lang ferie. Det er nemleg ikkje mange land som har like mykje påskefri som oss i Noreg, og dermed har me nordmenn litt ekstra god tid til å forbarma oss over påskelektyren.

– Og så er krim ein drivande sjanger. Den er lett å lesa, og ein får ein pause frå kvardagen. Krim er sjangermessig enkelt å ta med på hytta, for å berre kosa seg, og for å la seg bli skremt og underhalden.

Fascinerande og velbrukt

Anja Rålm trur folk lèt seg fascinera av det grufulle dei ikkje kan forstå. Og sjølv om påskekrim har vore populært i såpass mange år, er det ikkje mykje som tyder på at tradisjonen skal døy ut med det første. Ifølgje Rålm er påske framleis høgsesong for sal av krimbøker. Ho opplever òg at krimmen berre har vorte betre og betre dei siste 20 åra.

Lesing av detektivromanar kan fengja både små og store i påskehelga. Foto: NTB / NPK

– Det blir berre vanskelegare å koma gjennom og debutera som krimforfattar, fordi sjangeren er så velbrukt. Det skal så mykje til for at det skal bli bra. Så eg tykkjer at det som blir gjeve ut no stort sett har veldig høg kvalitet. Det er veldig gøy å jobba med, og veldig gøy å sjå, smiler redaktøren.

Krim er ikkje berre krim. Hardkokt krim, psykologisk thriller, politikrim, klassisk krim, politisk krim eller spionkrim – det finst mange kategoriar. Ifølgje Rålm er det politikrim og hardkokt krim som er gjævast blant nordmenn.

– Og så ser me ei auka interesse for psykologisk thriller, kanskje spesielt blant dei yngre og uetablerte. Eg trur folk tykkjer det er spennande å sjå kva som rører seg hos eit menneske – kvifor gjer eit menneske det eit menneske gjer?

Populært med lesing

Tal frå 2022 viser at lesing framleis er ein populær hobby blant både unge og vaksne. Ifølgje Statistisk sentralbyrås mediebarometer, las 26 prosent av nordmenn i papirbøker i løpet av ein dag, og i snitt las dei i 17 minutt om dagen.

Ifølgje Bokhandlerforeningen vart det seld nesten 350.000 innbundne krim- og spenningsbøker for vaksne i norske bokhandlar – noko som betyr at krimmen utgjorde om lag 25 prosent av all innbunden skjønnlitteratur som vart seld i 2022.