Foto: Henrik Mundal Andreassen

Elevar arrangerte solidaritetskonsert

Natalie Stenersen og Johanne Hystad Kyvik framførte «Just the two of us» av Bill Withers med fleire.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

– Pengane som ein samlar inn kjem godt med i Comalapa, og støtter opp om både demokrati og fred, seier spansklærar Ingunn Hansejordet, som fortalde om solidaritetsdagen.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Tuva Sundal og Leah Marie Gram Nygaard spelte eit humoristisk stykke om eit ferskt kjærastepar frå Tysnes og Stord. Det passa fint på valentinsdagen.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eva Tesdal selde muffins, bollar og saft i kafeen utanfor konsertsalen. – Spesielt bollar og brownies har det gått mykje av, seier ho.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Lee Ness Edvardsen framførte Elvis-låten «Can't help falling in love».

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Rasmus Kaldestad framførte ein forrykande gitarsolo under Prince-songen «Purple Rain». Kaldestad spelte ikkje berre på gitar, men også lapsteel.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ole Knut Urdal og Elliot Sönnerlid i programkomiteen er kjempenøgd med at om lag 60-70 personar kom på kvar av dei to konsertane. – Heile klassen har jobba saman, seier Sönnerlid.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eit tjuetals elevar frå 1.-klasse musikk på Stord vidaregåande skule framførte to konsertar med innsamling av studiestipend for Comalapa.

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Anders H. Kyvik var på konsert med Malene Auestad og Solveig Hystad og familien. – Dette var kjekt, seier Kyvik, som fortel at søstera hans Johanne Hystad Kyvik var på senen.