Måndag 13. mars startar den niande sesongen av «Paradise Hotel» på TV3. Kevin René Gustavsson frå Stord er éin av deltakarane.
<br>
Måndag 13. mars startar den niande sesongen av «Paradise Hotel» på TV3. Kevin René Gustavsson frå Stord er éin av deltakarane.
Foto: TV3

Kevin René (21) frå Sagvåg er med i «Paradise Hotel»

Er redd han kjem til å sakna mammo.

Kevin René Gustavsson frå Stord er éin av 15 deltakarar på årets sesong av TV3-serien «Paradise Hotel». Ti gutar og fem jenter har sjekka inn på hotellet i Mexico, og måndag 13. mars er det premiere på TV3.

 

 

 

 

Måndag 13. mars startar den niande sesongen av «Paradise Hotel» på TV3. Kevin René Gustavsson frå Stord er éin av deltakarane.
<br>
Måndag 13. mars startar den niande sesongen av «Paradise Hotel» på TV3. Kevin René Gustavsson frå Stord er éin av deltakarane.
Foto: TV3

I videopresentasjonen av Gustavsson får me høyra at han er utdanna automatikar, men at han for tida ikkje har jobb. 21-åringen sin store draum er å bli modell. Han gruar seg mest til å vera utan mobiltelefon, då han ikkje får halda kontakt med folket heime på Stord.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

Gustavsson er med på «Paradise Hotel» for å komma på tv, bli kjend med nye menneske og for opplevinga. Mammo er den viktigaste personen i livet hans, seier han.

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

- Det skal bli kult å bli kjendis. Eg bur på ein liten plass, så det kjem til å bli mykje merksemd på akkurat meg, fortel han ivideointervjuet.

 

 

 

Stordabuen er for tida på innspeling i Mexico, og Sunnhordland har såleis ikkje fått kontakt med han.

Artikkelen held fram under annonsen.