Kevin René Gustavsson frå Sagvåg har tatoveringar for 70.000 kroner. Og han er ikkje ferdig. – Eg skal dekkja heile kroppen, seier han.
Kevin René Gustavsson frå Sagvåg har tatoveringar for 70.000 kroner. Og han er ikkje ferdig. – Eg skal dekkja heile kroppen, seier han. Foto: Privat

Paradise-Kevin vassar i sextilbod

«Alle» vil ha ein bit av Kevin René Gustavsson (21) frå Sagvåg, som er blant årets deltakarar i «Paradise Hotel» på TV3. Sjølv tek han merksemda med knusande ro.

– Det er mykje rart som ramlar inn på telefon og på sosiale media om dagen, for å seia det slik, seier Gustavsson og ler.

På Facebook kan det koma opp mot 100 venneførespurnader i løpet av éin dag. Og på SMS og Snapchat druknar han regelrett i sextilbod.

Han ler igjen.

– Nei, altså det er heilt vanvitig. Eg får tilsendt bilete av kjønnsorgan, og får meldingar frå jenter som ber meg koma over for å ha sex med dei.

– Har du slått til, då?

– He-he. På det, nei? På den fronten tykkjer eg det er greitt å vita kva eg hiv meg borti. Så nei, det har faktisk ikkje freista så veldig mykje, seier den single 21-åringen frå Sagvåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Intervju

Det var kameratane hans som skreiv søknad, og som melde han på årets utgåve av «Paradise Hotel», som i desse dagar er inne i sin niande sesong på TV3. Konseptet? Ei gruppe ungdommar sjekkar inn på eit luksushotell i Mexico, der dei dannar parkonstellasjonar og alliansar, løyser oppgåver og festar. Éin etter éin ryk ut – heilt til det står att ein vinnar.

Gustavsson fortel at han blei kalla inn til intervju, først i Bergen og deretter i Oslo. I desember fekk han beskjed om at han var inne. 3. januar sat han på eit fly til Mexico.

– Eg er for tida arbeidssøkjande, så det passa i grunn bra å delta, seier 21-åringen, som har fagbrev som automatikar, og som tidlegare jobba i Advantec.

– Eit spel

Han gjekk likevel eit par rundar med seg sjølv, før han takka ja.

– «Paradise Hotel» er jo eit program som har fått eit visst negativt stempel på seg, med festing og sex framføre kamera, seier han.

Sjølv la han ein strategi om å liggja litt lågt i terrenget, og vera snill og grei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samstundes er eg jo klar over at det er eit spel, dette her, og at du kan koma til å måtta ta upopulære val. Men eg likar spelet, seier han.

– Korleis er det å sjå seg sjølv på tv?

– I starten var det ganske kleint. Men etter eit par episodar så blei eg van med det, så no går det heilt greitt å sjå på.

Han beskriv opphaldet i Mexico som eit eventyr.

– Å reisa og bu på ei slik stad, og bli kjent med masse nye, kule folk ... nei, det var heilt fantastisk. Rett og slett. Eg angrar ikkje eitt sekund på at eg heiv meg på.

- Og Triana, korleis var ho?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Veldig profesjonell, og utruleg flott. Men litt for gammal for meg. Ha-ha. 

Krim

I måndagens episode dukka Gustavsson opp som presten «Arnt Johan», i «Paradise Hotel» sin heilt eigen påskekrim.

– Eg fekk velja namnet sjølv. Eg kom til å tenkja på soknepresten i Nysæter, Arnt Johan Vistnes. Han konfirmerte meg i si tid, så eg gjekk like godt for det namnet, eg.

Påskekrim’en kulminerer med at Aleksander Sæterstøl (20) frå Bergen blir «drepen» og blir sendt heim. Inn kjem den nye deltakaren, Andre – med mandat til å senda heim endå ein gut. Fleire av gutane smiskar det dei kan, for ikkje å bli kasta ut av paradiset.

– Heilt der var vel ikkje eg, seier han.

Kva som skjer vidare i serien kan han sjølvsagt ikkje seia noko om. Det er regulert av strenge kontraktsmessige forhold mellom deltakarane og TV3.

- Dei som følgjer med får sjå.

Modell

Denne veka har Gustavsson vore i Oslo, og festa saman med «Paradise»-kollegaene sine. Tonen mellom dei skal vera god, sjølv om det til tider går hardt for seg inne på hotellet.

– Jada, me kjem godt ut av det med kvarandre, og har det kjekt i lag, seier han.

Målet framover no er å koma tilbake til arbeidslivet – helst knytt mot oljenæringa. Men han er også open for diverse modelloppdrag.

– Men eg takkar ikkje ja til kva som helst.

Porno

«Paradise»-kollega, nemnde Aleksander Sæterstøl (29), skal blant anna ha fått tilbod om 400.000 kroner for å vera med i ein homsepornofilm, kom det fram tidlegare denne veka.

–I utgangspunktet var det snakk om ein undertøysjobb. Så blei tonen raskt meir grisete, og pornofilmen dukka opp. Eg takka nei, slår Sæterstøl fast overfor seher.no.

Gustavsson flirer av saka.

– Sånne ting er jo heilt uaktuelt, og kjem sjølvsagt ikkje på tale, ler Kevin René Gustavsson.

70.000 kroner

Den unge «Paradise»-deltakaren er lett å kjenna att gjennom alle tatoveringane sine, på armar, hender, hals og bein. Til saman har han tatoveringar for 70.000 kroner. Og han er ikkje ferdig. 

- Ferdig nei? Eg skal tatovera heile kroppen før eg gjev meg, i alle fall store deler.  80 prosent. 

- Kva er det med deg og tatoveringar?

- Tja, det er liksom berre meg. Eg likar stilen, og tykkjer det er kult. Det er sånn eg vil sjå ut, seier Kevin René Gustavsson.