I høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune er det føreslått at det yrkesfaglege utdanningsprogrammet Sal, service og reiseliv og dei studieførebuande utdanningsprogramma Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon skal leggjast ned ved Stord vidaregåande skule grunna låge søkjartal. Dette forslaget gjer årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord svært uroa for framtidas utdanningstilbod i sunnhordlandsregionen.

Det kjem fram i høyringsforslaget at fylkesdirektøren vil at Vestland fylke skal «ha eit tilbod om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programområde», men «at små utdanningsprogram skal liggje sentralt i Bergen.» Liknande nedleggings­forslag som det for Stord vgs. gjeld difor for dei fleste vidaregåande skulane i fylket, utanfor området Stor-Bergen, og det er i all hovudsak dei yrkesfaglege utdanningsprogramma Sal, service og reiseliv, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign og Handverk, design og produktutvikling og dei studieførebuande utdanningsprogramma Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur som er føreslått fjerna frå distrikta og samla i Bergen. Desse utdanningsprogramma har til felles at dei på ulikt vis inneheld praktiske, kreative, utøvande og estetiske fag, og skil seg på det viset frå andre utdanningsprogram.

I høyringsforslaget står det samstundes at tilbodsstrukturen i Vestland fylkeskommune skal «vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar mogelegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.» Vidare står det at tilbodsstrukturen skal «sikre at flest mogeleg vgs-elevar slepp ein ufrivillig lang reiseveg.»

Utdanningsforbundet Stord meiner forslaget om å leggja ned dei tre utdanningsprogramma Sal, service og reiseliv, Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule ikkje er å vidareføra ein desentralisert skulestruktur. Stord vgs. er ein viktig hjørnestein, ikkje berre for lokalsamfunnet på Stord, men for heile Sunnhordlands-regionen. Det er difor naudsynt at skulen kan tilby eit breitt spekter av utdanningsprogram, slik at elevane i Sunnhordland har eit likeverdig tilbod som elevane i Bergen. Om fylkesdirektøren verkeleg vil vidareføra ein desentralisert skulestruktur, meiner Utdanningsforbundet Stord at prinsippa om variert opplæringstilbod i nærområdet og kort reiseveg må gjelda for alle, ikkje berre for elevane i Bergen.

Den nye opplæringslova og fullføringsreforma, som skal tre i kraft 01.08.24, blir i høyringsforslaget nytta som argument for dei foreslegne endringane i tilbodsstrukturen.

Opplæringslova skal gje elevane auka rett til fullføring og omval fordi ein meiner at dagens vidaregåande opplæring blant anna er for lite tilpassa elevar med «svake faglege føresetnader» og for lite tilpassa den mangfaldige elevgruppa. Utdanningsforbundet Stord meiner at den nye opplæringslova dermed skapar eit enda større behov for meir varierte utdanningsprogram, for å imøtekomma ulike elevgrupper. Om elevane skal ha auka rett til omval, må dei ha reelle alternativ å velja mellom, og om elevane skal ha auka rett til fullføring, må me ha ein skule som har mogelegheit for å leggja til rette for dette. Det blir mykje vanskelegare for skulane i distrikta å leva opp til krava i den nye opplæringslova, dersom utdanningstilbodet blir redusert og einsretta.

Vestland er det fylket i landet som har flest elevar på private vidaregåande skular, med heile 13,8 prosent i 2022. Med fjerning av dei «små» og kreative utdanningstilboda i den offentlege skulen i distrikta, gir me dei private skulane innpass til ein større del av utdanningsmarknaden. Jo fleire elevar som søkjer seg til private vidaregåande skular, jo mindre ressursar blir det til dei offentlege. Om valet står mellom hybel i Bergen og privat internatskule med tett oppfølging, vil nok dei fleste føresette i distrikta synast det er tryggast å senda 15-åringen, som t.d. vil gå på medium og kommunikasjon, til internatskule. Utdanningsforbundet Stord meiner at eit mangfaldig utdanningstilbod, også i distrikta, vil styrkja den offentlege skulen. Det må ikkje bli slik at nokre utdanningsprogram berre er tilgjengelege for dei som har ressursar til å betale for privatskular.

At tilbodsstrukturen skal «vera økonomisk berekraftig» og «i størst mogeleg grad dimensjonerast etter arbeidslivet sitt behov for kompetanse både no og i framtida», kan ikkje vera dei einaste prinsippa for kva utdanningstilbod ungdommane i Sunnhordland skal få i framtida. Sjølv om Sunnhordland er ein industriregion, der me har stort behov for fagfolk innan dei tunge industrifaga og helse- og utdanningssektoren, betyr ikkje det at me ikkje har behov for folk med andre typar utdanning også. Det vil vera eit tap for mangfaldet i Sunnhordland, og eit tap for elevane som må tvingast inn i utdanningsprogram dei ikkje passar inn i, om tilbodet skal reduserast. Årsmøtet til Utdanningsforbundet Stord ynskjer eit mangfald i den offentlege skulen, ikkje ei einsretting av industrifag på yrkesfag og teorifag på studieførebuande. Elevane i distriktet er like mangfaldige og har like stor rett på eit variert utdanningstilbod som elevar i sentrale strøk.

Fråsegn lagt fram ved plasstillitsvald ved Stord vidaregåande skule, Gunnhild Vatna Ersland, og samrøystes vedteken på årsmøtet i Utdanningsforbundet Stord.