Utdanningsprogrammet musikk, dans og drama (MDD), med fordjuping i musikkfaga, er svært viktige å halda på for kommunane i Sunnhordland. Det er sett i gang underskriftskampanjar, sett fokus på enkeltpersonar som har gjort musikkfaget til leveveg, og fagmiljøet ved skulen – kvifor er denne kreative linja så viktig for kulturlivet, og for meg og deg, i Sunnhordland?

Elevane som går på dette utdanningsprogrammet er ressurspersonar og førebilete i sitt nærmiljø. Det er ungdommar med engasjement og pågangsmot, og dei er ofte ein berebjelke i lokalt kulturliv; i skulekorps, kor og i ulike musikk-, dans- og dramaaktivitetar. Dei er førebilete for dei som er yngre. Viss desse viktige ungdommane ikkje får veksa og utvikla seg så mistar vi viktige rollemodellar og førebilete for å halda saman skulekorps, kor og kulturskular. MDD er eit utdanningsprogram for kreative elevar innan fag som i stor grad handlar om å formidla, å gje meg og deg ei kulturell oppleving.

For nokre av elevane blir musikk, dans eller drama ei livslang oppgåve, som profesjonell eller som ein dyktig amatør. Mange kjem attende til heimkommunen og blir etter kvart viktige kulturaktørar på fritida si – elevar frå MDD er og blir ressursar lokalt.

Kvifor treng vi kunst i form av musikk, dans, drama? Kunst stimulerer kreativ tenking, fremjar innovasjon og stimulerer evna til problemløysing – eigenskapar vi spør etter i den tida vi lever i. Kunst i form av musikk, dans og drama aukar livskvalitet og trivsel både for dei som utøver kunstuttrykket og dei som er publikum og mottakarar!

Det er trist at økonomi og søkjartal isolert sett kan føre til nedlegging av dette viktige utdanningsprogrammet – det elevane får ut av si vidaregåande opplæring, og det dei betyr i sitt nærmiljø kan ikkje målast i pengar.

Statistikken over elevtalet for denne linja dei siste ti åra viser at det har variert noko, men vore nedgang dei siste fire åra. Det er trist viss ein så kort tidshorisont skal avgjera om linja skal leva vidare på Stord eller ikkje.

FN sine berekraftsmål trekkjer og fram livskvalitet og berekraftige lokalsamfunn, med kultur som viktige delmål i to av 17 viktige mål for verdssamfunnet før 2030. Dette er mål for oss alle, også her i Sunnhordland. Vi må sjå kor viktige dei kreative utdanningsprogramma er også i distrikta.

Nokre av konsekvensane ved å leggja ned «musikklinja» på Stord vidaregåande skule er at ein tar utdanningsprogrammet frå 15-20 elevar kvart år, og ein mistar mykje av drivkrafta i det lokale kulturlivet. Resultatet blir eit fattigare lokalsamfunn for oss alle!