Frå Måløy i Sogn til Sunnhordaland er det 7,5 timars køyring, altså omtrent same avstand som frå Bergen til Oslo. Dersom framlegget til ny tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune, som no er ute på høyring, vert vedteke, vil me berre ha ein skule som utdannar frisørar, blomsterdekoratørar, interiørdesignarar og eksponering/profilerings­designarar i heile Vestland fylke. Dei unge i distrikta skal ikkje lenger kunne velja si eiga framtid og utdanning, og dette kan me takka Vestland fylkeskommune for. Dei legg no føringar for at dei estetiske og kreative faga skal sentraliserast i Bergen. Dette er ein særs dårleg plan!

Me har i dette fylket ei yrkesfagleg vidaregåande linje kalla FBIE. For dei som ikkje veit kva desse bokstavane står for, så er dette ei samankopling av frisør, blomsterdekoratør, interiørdesignar og eksponering/­profilering. Etter mange år kvar for seg, blei desse faga samla til eit vg1-fag i 2020 etter ein lang nasjonal prosess kring Fagfornyinga LK20 der ein ønskte å auka interessa og omdømmet til desse faga. Sett i eit bedrifts­perspektiv veit ein at det tek fire-fem år å etablera ei stabil økonomisk drift og byggja omdømme. Likeeins er det med FBIE som nytt yrkesfag, det tek tid å opparbeida eit godt omdømme. Elevar, føresette og rådgjevarar på skulane må bli kjende med kva denne linja inneheld, kva ein kan utdanna seg til og kor viktige desse kreative og skapande faga er.

På radio i NRK Vestland uttala Bjørn Lyngedal, avdelings­direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, at ein ser ei sterk auke i søkjartal til yrkesfag. 60 prosent av elevane på 10. trinn vel ei yrkesretta utdanning. For FBIE på Fitjar vgs. i 2024/2025 ser me ei dobling av søkjarar. Neste skuleår har me 15 elevar og full klasse på FBIE på Fitjar. Trenden for auka søkjartal finn ein og til dømes på Årstad i Bergen, der dei for neste skuleår 2024/2025 justerer opp talet på klassar frå fem til seks. Dette blir grunngjeve med at dei ulike bransjane har ytra stort behov for lærlingar i faga.

Denne utviklinga er jo særs positiv, og som faglærarar i FBIE er eg stolt over at faga endeleg blir tekne på alvor og at styresmakter og opplærings­direktørar høyrer på kva bedriftene treng av framtidige fagarbeidarar. Kvifor meiner då Vestland fylkes­kommune, trass i auka søkjartal og berre få år etter at FBIE vart oppretta, at det er ein god idé å leggja ned FBIE–linja på Eid, Voss og Fitjar frå skuleåret 2025/2026? Er ikkje tala klare nok? Fleire ynskjer å utdanna seg innan frisør, blomster, interiør og eksponering/­profilering, og næringslivet skrik etter lærlingar og fagarbeidarar i desse faga.

Frisørar, blomsterbutikkar og interiørbutikkar finst overalt, både sentralt i storbyar og i små lokale bygder i distrikta. Tilgangen til læreplassar i desse faga er ofte pressa i storbyane og stor i distrikta, noko som tilseier at å leggja ned FBIE i distrikta er ein særs dårleg strategi. Dersom FBIE blir sentralisert i dei store byane, vil det vera utfordrande å få elevane til å velja læreplass i distrikta og ein mister kontakten med det lokale næringslivet. Dei fleste vil bli verande i byen. Ved å tilby FBIE i distrikta, vil det vera enklare for elevane å både velja og få tilbod om læreplass.

Sett i eit samfunns­økonomisk perspektiv, er dei kreative næringane viktige for distrikts­utviklinga. Dette kan ein kjenna igjen i at det no er lagt mykje større vekt på kreativitet og skaparglede i samfunnet. Denne utviklinga vil ein sjå meir av i framtida.

Når ein les opplæringslovas verdigrunnlag og viktigheita av skaparglede, engasjement og utforskartrong, blir det heilt uforståeleg at VLFK legg ned fleire kreative og skapande yrkesfaglinjer i distrikta, stikk i strid med dei nasjonal retningslinjene.

Sett at ein bankar igjennom sentraliseringa av FBIE-linja, og at elevane i heile fylket må reisa til Bergen for å gå på vidaregåande skule. Kven skal ha ansvar for tryggleiken og den sosiale tilhøyrsla til desse 16-åringane som må bu på hybel langt heimanfrå? Skal det opprettast eigne hybelvertar i Bergen, som tek praktisk og sosialt ansvar for alle 16-åringane som bur der åleine? No har eg ikkje gått nærare inn på kva effekt eit hybelliv i storbyen kan ha på eleven si psykiske helse, men det er absolutt eit tema Vestland fylkeskommune må ta omsyn til når dei no legg planar for ny skulestruktur. Psykisk helse for barn og ungdom er eit særs aktuelt tema, og eg trur dette forslaget til ny skulestruktur vil skapa mange fleire utfordringar når ein ser det i samanheng med elevane sin tryggleik og sitt sosiale nettverk i ein stor by.

Samstundes har me eit gratisprinsipp i den vidaregåande skulen, men det er vel ikkje gratis å bu på hybel i Bergen – om ein i det heile teke får tak i ein hybel? Bortebuar­stipendet på 5.848 kroner pr. månad rekk ikkje langt når ein må bu i Norges nest største by, der det allereie er press på studenthyblar kvar august. Resultatet blir då at berre dei elevane med ressurssterke føresette, som kan betala resten av kostnadane for hybelen, mat og fritids­aktivitetar, kan velja å utdanna seg innan FBIE-faga. For meg høyrest ikkje dette ut som gratis vidaregåande utdanning og valfridom.

Lat oss saman kjempa for å bevara mangfaldet i utdannings­tilbodet i distrikta. Yrkesfaga er grunnsteinar i vårt samfunn og i vår samfunns­økonomi. Vestland fylkes­kommune må stoppa nedlegginga av FBIE-linjene og i staden investera meir for framtida ved å la ungdom i distrikta ha eit reelt val for si eiga utdanning og framtid. Eg vil difor oppfordra alle, både føresette, bedrifter, opplærings­kontor og andre, til å komma med innspel til høyrings­utkastet til ny skulebruksplan. Gjer det heilt klart for Vestland fylkeskommune at denne raseringa av dei estetiske og kreative faga, og då spesielt FBIE, må stoppast!