Kjære innbyggjarar,

Stord og resten av kommunane i Noreg står ovanfor store utfordringar i tida som kjem. Me er no midt inne i ei brytningstid der me ser at fødselstala går ned, samstundes som tal innbyggjarar over 80 år aukar. Denne utviklinga vil få store konsekvensar for kommunen vår og korleis me skal finansiera velferdstenestene våre.

Stord kommune får heldigvis auke i inntekter basert på kor stor del av befolkninga som er eldre. Men på den andre sida vil me få reduserte inntekter frå staten fordi det blir født færre barn som skal bruka barnehagar og skular. Dette tvingar oss som kommune til å sjå på korleis me skal leggja til rette for ein skulestruktur som står seg over mange år, som ivaretar eit godt skulemiljø og framleis er kostnadseffektiv.

Kommunedirektøren har utarbeidd eit nytt forslag til skulestruktur for Stord kommune, og dette forslaget er no sendt ut på høyring til innbyggjarane. Me forstår godt at forslaget skapar debatt og diskusjonar. Me oppfordrar dykk alle til å lesa forslaget og dela dykkar innspel til ny struktur. Både elevråd, ungdomsråd, samarbeidsutval, FAU, foreldre, besteforeldre, idrettslag og andre er hjarteleg velkomne til å delta i debatten om korleis me skal leggja til rette for ein berekraftig skulestruktur i Stord kommune. Kva er viktig for deg å ta omsyn til i ein slik prosess?

Me arrangerer tre ulike folkemøter og håpar at du vel å delta i dei. Nordbygdo ungdomsskule tysdag 12. mars kl. 18.30–20.00, Nysæter ungdomsskule torsdag 4. april kl. 18.30–20.00, og Stord ungdomsskule onsdag 10. april kl. 18.30–20.00.