Onsdag var eg på konsert i Stord kulturhus med «Stjernekamp»-vinnaren Odd René Andersen og band. Nesten fullt og jublande hus. Den råaste konsert eg har vore på sa ein av dei godt vaksne i publikum då eg møtte han etterpå. Han var gammal nok til å ha vore på mange råe konsertar.

Godt vaksen, ja.

Eldre enn meg og eg er snart 70, og det var den aldersgruppa som var i fleirtal, slik det også var på den eminente og stappfulle Pink Floyd-konserten for nokre veker sidan og på den like stappfulle og like eminente teaterframsyninga «Et glass til».

På Stord jazzklubb, Noregs beste, er det sameleis, eg kjenner meg stundom blant dei yngste i salen, men heldigvis er eg ikkje det, kona og dei fleste kompisane mine er yngre enn meg. Og kanskje kan ein sjå på det som eit problem at dei yngre er fråverande?

Eller som ei utruleg positiv utvikling, at me som er i rock 'n' roll-, vise- og jazz-generasjonen no får høyra live dei fremste artistane innan desse sjangrane, og at me faktisk (i alle fall svært mange av oss/dei fleste) har råd og tid til å gå på konsertar. Og me gamle av min generasjon er også musikalsk vidsynte nok til å gå på konsertar med musikk av nyare dato. Det er ekstra fint.

Eg har nemnd kulturhuset og jazzklubben, men like viktig er utestadane, Osvald med alle dei storarta visekonsertane, Arena som Roald Kaldestad med sin umåtelege energi og store kontaktflate har gjort til det eg trur staden var meint som, eit viktig konsertlokale, Åtgaum med sine små og stundom sære musikk- og scene-tilbod (pluss matpresentasjon, debattar etc.), Fengselet kulturhotell med konsertar både ute og inne, utestadane i Sagvåg som støtt har gode musikktilbod også. Og så alt det andre, kor, korps, kyrkjer osb. Det er berre heilt eineståande.

Sjølv syng eg stundom for folk på pleie- og eldreinstitusjonar, repertoaret er henta frå mi livstid, og tilhøyrarane vert likare og likare meg i alder for kvart år som går. Eg syng rock og viser, engelsk og norsk, og veit dåke kva? Nesten kvar gong får eg høyra frå nokon, at det er så kjekt med anna enn kristne songar og skillingsviser, men musikk frå dei gamle sin eigen ungdom.

I alle fall, kulturlivet på Stord blømer og utfaldar seg på ein måte og eit nivå som ikkje eg har opplevd før i dei snart 60 åra eg har budd her og vore både ein utøvar og tilskodar, og i nokre også meldar og kritikar.

Det er fantastisk å vera ein del av det, og det handlar ikkje berre om at me «boomers» (av baybyboomen etter krigen), som me vert kalla, og det ikkje alltid positivt meint, no er blitt ressurssterkt publikum, for denne bløminga skjer på tvers av generasjonane.

Sjølv er eg framleis aktiv musikar, og dei eg som oftast opptrer saman med er ungar til folk på min alder. Det er desse fantastiske musikarane med bakgrunn frå kulturskular og musikkliner, mange av dei, som gjev meg det naudsynte sparket bak, som ein gamling stundom treng, som lærer meg nye ting på gitaren, som moderniserer uttrykket mitt og – trur og tenkjer eg – løftar meg som artist (om eg kan bruka eit slikt uttrykk utan å skjemmast).

Og dei fleste av desse eg spelar med er nesten like «bevandra» (orsak bokmålet) i musikk frå min ungdom, som det eg er. Elvis, Beatles, Stones, Cash, Mitchell er framleis kongar og dronningar innan sine domene, og dei vert lytta til.

Og samstundes lever dagens musikk i beste velgåande og søkjer andre og nye uttrykk og totalitetar, og for eit fantastisk mangfald det finst her til lands no av artistar på høgt internasjonalt nivå, jamvel folk som syng på norske dialektar og får internasjonale karrierar.

Mange av desse musikarane har faktisk bakgrunn i musikklinja på Stord vidaregåande skule. Eg kunne nemnd mange, men eg skal ikkje gjera det, for det er så lett å gløyma nokon i dette mangfaldet. Men i desse Spellemanntider, så kan jo Hilde Skaar representera dei.

Også musikklina på høgskulen har vore viktig bidragsytar til lokalt musikkliv, og det har også kulturskulen vore, kanskje mest ved å få kvalifiserte lærarar hit som også har vore utøvarar.

Det er eit stort privilegium å få oppleva dette kulturlivet og få vera ein del av det, og eg ønskjer av heile mitt hjarta at lokal kunst og kultur (eg har ikkje her nemnt alt det fine som skjer også innan andre kunstområde) skal få halda fram med å bløma.

Og eg har må leggja til, slik min tidlegare journalistkollega Randi Olsen (også ho utdanna musikar frå Toneheim) har nemnd for meg, at dette ikkje berre gjeld for Stord, heile Sunnhordland har nytte og glede av dei estetiske linjene skulane her.

Dette kulturlivet har utvikla seg trass i at me må reisa med ferje til Bergen, eller? Eller har det utvikla seg på grunn av det? Kva skal me med konsertar og teater på Stord, viss det berre er ein liten svipptur til det store kulturtilbodet i byen? Kan andre regionar i relativt kort geografisk område frå storbyar visa til liknande kulturtilbod? Det hadde vore kjekt å vita. Eg veit ikkje, eg spør. Og eg trur, og kva eg trur, kan de sikkert tenkja dåke til sjølv.