Dette skaper store ulikheiter i samfunnet.

Andelen barn under 18 år som lever i familiar med vedvarande låginntekt , har auka jamt dei siste ti åra.

Barn med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i denne samanhengen og utgjer nærare 111.000 barn under 18 år.

Ein studie frå Folkehelseinstituttet viser:

Barn av foreldre med aller lågast inntekt har tre til fire gonger så høg sannsynligheit for å bli diagnostisert med psykiske lidelsar, samanlikna med barn av dei aller rikaste foreldra.

Psykiske liding var høgast blant gutar frå det lågaste inntektsnivået. I denne gruppa var 15,4 prosent diagnostisert med psykiske lidingar. Desse gutane hadde meir enn fire gonger så høg andel diagnostisert med psykiske lidingar samanlikna med gutane frå hushaldningar med den høgaste inntekta.

Den lågaste forekomsten av psykiske liding finn me blant jenter med foreldre av høgast inntekt.

I denne gruppa var 2,8 prosent diagnostisert med psykiske lidingar.

Når det gjeld jenter med foreldre med lågast inntekt var det 11,4 prosent som var diagnostisert med psykiske lidingar.