Skulane skal fyllast opp til bristepunktet. Det er ein politikk utanfor einkvar anstendigheit som Frp og Høgre her avslører.

Det er også eit grovt brot på grunnlova. I § 104 står det at «Ved handlinger og avgjørelser som berører barn, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn». Kor er barnas beste omyns tatt her, Framnes og Kyvik? Nei, ordførar Framnes snakkar berre om økonomiske omsyn. Han har ikkje sagt eitt ord om barnas beste.

Innsparinga ved å leggja ned Litlabø skule utgjer berre 2,4 millionar, ein spytt i havet på det kommunale budsjettet. Er det borna på Litlabø som skal svi for at Høgre og Frp ønskjer seg ny ferjestø, molo og cruisehamn? Kor langt kjem ein med 2,4 mill.? Stod nettopp i avisa at 500.000 kroner alt er løyvd på årets budsjett til teknisk forprosjekt av ferjestø.

Når ordføraren vert konfrontert med at veljarane bør bestemma, og kvifor det ikkje vart sagt noko om nedlegging av skular i valkampen, så seier han til Sunnhordland 6. mars at «det ville vore eit stort problem om alle vedtak som skulle bli gjort, måtte vera med i valprogrammet til partia.» Nedlegging av skular vert, med andre ord, sett på som ein bagatell av Frp, som det aldeles ikkje er plass til i valprogrammet, sjølv om det er over 20 underpunkt som handlar om skule og oppvekst. Og spør du bygdefolket, så trur eg nedlegging av skule ville stått høgt på agendaen for alle på Stord, når dei gjekk til valurnene.

Kanskje det er det som er «eit stort problem» for ordførar Framnes? At han ikkje kunne avsløra før valet at det første han ville kasta seg over for å spara pengar, var nedlegging av Litlabø skule? Veljarane i vår gode nabobygd, Sagvåg, ville jo då forstått at det ville gå utover deira eigne born òg, med overfylte skular. Eg tippar difor at valresultatet i «bydel Sagvåg» ville ha blitt noko heilt anna då.

Her er eit endå betre forslag til Frp: Kvifor ikkje leggja ned alle skular på Stord med éin gong og byggja ein gigaskule sentralt plassert? (Vaskeriplanet på Litlabø passar fint!). Alle borna i vår kompakte kommune ville få overkommeleg køyretid og kommunen får endeleg økonomien på stell.

Nei, dei styrande må innsjå at det er viktig for bu, bulyst og føreseielegheit at skular ikkje forsvinn frå bygdene. Sjølv om Sagvåg og Litlabø på papiret er slått saman til «Bydel Sagvåg», så er Litlabø framleis ei bygd med sterk eigenidentitet, og det sjølv om alt av arbeidsplassar, butikk, post og barnehage er forsvunne. Men me har skulen, der over 100 born går. Det er ikkje ein liten skule i norsk samanheng, og skulen ligg høgt og fritt som eit smykke midt i bygda. Trivselen er stor, og alle borna kan gå eller sykla til skulen. Alt av friluftsaktivitetar er rett utanfor stovedøra, og det er liten og ingen gjennomgangstrafikk. Det kan knapt bli betre. Men dette samfunnet vil Høgre og Frp no effektivt gje nådestøyten – for 2,4 millionar kroner. Det er ikkje berre eit brot på grunnlova, men òg ei stor skam!