Ein gong i tida tok Bergen regionalt ansvar. No forstår ikkje det introverte byfolket skilnaden på eit rassikringsprosjekt og ei investering som tek mål av seg å byggje Vestlandet saman til ein felles bu- og arbeidsmarknad.

«Klyngesamarbeid» og «næringsutvikling» blir kanskje abstrakte omgrep når ein står i kø på Vaksdal. Men eg hadde venta at ansvarlege politikarar i Bergen bystyre evna å løfte blikket. Forbi Danmarksplass og eigen statleg arbeidsplass, mot produksjons-, industri- og teknologiverksemder i krikar og krokar langs kysten, som har det til felles at dei står i knallhard internasjonal konkurranse og er avhengig av god mobilitet av varer og menneske for å lukkast. I staden gjorde bystyret det kunststykket å gå imot Vestlandet sitt viktigaste infrastrukturprosjekt sidan Bergensbanen. No kan dei få ønsket sitt oppfylt.

Me lukkast ikkje med omstilling av industri og næringsliv utan samarbeid. Store og små verksemder, akademia, forskingsinstitusjonar, styresmakter og fagrørsla. Alle gode krefter må bidra. Men mens me andre går i gang med dugnaden for å utvikle landsdelen, kan bergensarane i alle fall gleda seg over at køen til Voss blir kortare.

God tur på hytta. Me andre vender blikket sørover.