Det kjem mange påstandar frå dei som vil byggja Hordfast over Bjørnafjorden. Vekst og utvikling av industrien i Sunnhordland er avhengig av Hordfast.

Hordfast må byggjast for at Norge og Vestlandet skal utvikla seg. Hordfast over Bjørnafjorden er avgjerande for regionen si økonomiske framtid. E 39 er «livsnerven» og avgjerande for norsk økonomi. Ikkje mindre! Og så den famøse utsegna frå ordførarane om at Hordfast over Bjørnefjorden må byggjast om Norge skal lukkast.

Ordførar Framnes tar vel kaka når han hevdar at det vert ein katastrofe om ikkje Hordfast over Bjørnafjorden vert bygd.

La meg fortelja ei industrisoge: Øvst i Steinsdalen i Kvam Herad ligg Lid Jarnindustri.

Om lag 70 personar er sysselsette. Bedrifta starta opp i 1948. Dei produserer i hovudsak landbruksutstyr, men og vedmaskiner og snøfresarar. Verksemda har stadig utvida, no sist med ein stor lagerhall. Det meste av produkta vert seld innanlands, men det er og eksport til USA og Europa. Korleis er det så med «livsnerven» til Lid Jarnindustri, vegar som innsatsvarer og ferdige produkt skal fraktast på? Mot vest har vi rasfarlege og vêrutsette Tokagjelet og Kvamskogen. Få år tilbake raste ei stor fjellblokk over vegen, og vegen var stengd i månadsvis. Mot aust er det til dels rasfarlege og smale vegar mot Granvin.

I februar gjekk det ras mellom Ålvik og Kvanndal, og vegen var stengd i fleire dagar. Ein person på veg til arbeid i Ålvik vart fanga mellom to ras og måtte ta seg ut til fots. Berre flaks gjorde at liv ikkje gjekk tapt.

Mot sør går vegen til Tørvikbygd, ferje over fjorden til Jondal og Odda, eller på svingete og smal veg mot Mundheim, Eikelandsosen eller ferje til Kvinnherad. Seinare har det og vore små ras og steinsprang som har gjort at vegstrekningar har måtta stengja i kortare periodar. Etter eit ras ved Langhelle vart vegen stengd, og omkøyringsveg, fylkesveg 79 over Hardanger, måtte nyttast. «Veiene her er egentlig altfor dårlige til å kjøre lastebil på. Det er smalt og trangt, og dårlig med møteplasser», seier ein lastebilsjåfør. Ei som reiser frå Voss mot Bergen seier at ho alltid tenkjer over rasfaren. «Man vet aldri når det kan komme», seier ho.

Truleg vil utbetring av desse vegane ikkje bety mykje for produksjonen ved Lid Jernindustri så lenge dei produserer varer som marknaden vil kjøpa. Klimaendringar og mindre etterspørsel etter plogar og snøfresarar, eller store endringar i landbrukspolitikken, vil bety meir. Men betre vegar i slike område vil gjera at tilsette kjem seg trygt på arbeid, og verksemda kan vera sikker på at varer og ferdige produkt kjem fram.

Eg veit ikkje korleis slike tilhøve er rekna inn i dei teoretiske rekneøvingane om «samfunnsnytte». Mange, meg sjølv medrekna, meiner at når pengar skal løyvast til samferdsleprosjekt, må omsynet til liv og helse vega tyngst, uavhengig av kva geografisk adresse vi har eller kva skrivebordsøvingar om «samfunnsnytte» seier.

Det er urovekkjande og underleg at ordførarar, næringssjefar, industrileiarar og andre i Sunnhordland heller prioriterer firefelts veg, 110 km i timen og ei bru til ein kostnad ingen har oversikt over.