Som øybuar veit vår generasjon veldig godt kva det vil seie å verte uavhengig av ferjer og kunna bevege oss fritt og komme og gå når me vil. Det har vore ei ny tid for oss alle. Dette bør me i høgste grad også une våre næraste naboar.

Imidlertid høyrer det med å minne om at denne fridomen har me kunne koste på oss av ein enkel grunn, nemleg den at kostnaden med å forsere fjorden på nyemåten heile vegen har vore omtrent den same før. I dag er Trekantsambandet gratis for oss alle og me betalar enno nokre år for eigne vegar. Imidlertid er den reelle prisen framleis langt under det den var for ferja.

Rogfast er no under bygging, og om 5-6 år vil me sitje med ein ny firefelts tunnel under Ryfylkjefjorden på nær 27 km. Gildet skal koste 25-26 milliardar og ein ser for seg bompengar på 3-400 kroner per tur. Prisveksten i denne fasen er ikkje lett å sjå føre seg, men eg vil uansett tru at ein pris på 400 kroner per passering i tunnelen vil kome til å halde trafikken på eit relativt nøkternt nivå.

Når Hordfast no på ny er blitt stoppa opp i overskueleg framtid, og i alle fall til ny regjering er eit fakttum, burde det kanskje vore på sin plass at Øyvind Halleraker og Statens vegvesen brukte tida til å sjå litt nærare på den løysinga som er vald. Også denne har vore gjennom fleire rundar, og ein har gjerne trudd at valde løysing skulle bli den endelege. Med ny kunnskap og nye politiske føringar, er det likevel langt frå sikkert at ein i dag ville vald same løysing. Tvert om er det ting som tyder på at den valde løysing kanskje er den verst tenkjelege løysinga!

Eg tenkjer då både trafikkmessig, samfunnsøkonomisk, miljømessig og ikkje minst om ein tenkjer på eiga lommebok. Når Rogfast skal koste 3-400 kroner per passering, kan det i utgangspunktet vere greitt å minne om det er stor semje om at Hordfast vil bli minst dobbel så dyr å byggje som Rogfast.

Ein snakkar i dag ope om ein kostnad på 40-50, gjerne 60 milliardar kroner. Spørsmålet blir då kven som har råd til på jamleg basis å bruke eit samband som vil koste det same som danskebåten?

Det har jo då også kome fram kritikk på at ein for Hordfast har altfor ambisiøse planar, og det vert snakka om politiske prioriteringar som splittar av både partpolitiske miljø og heile Vestlandet som kraftsenter. I Norge har me overlag mykje pengar. Imidlertid er det framleis mykje å bruke dei på, og Hordfast framstår altfor dyrt til at ein får politisk samling om ideen.

Kva er det då som gjer dette prosjektet så svindyrt? Eg er ikkje fagmann, men det må gå an å bruke kjende tal slik me alle lærte på skulen. Ny bru over Bjørnafjorden åleine er kostnadsrekna til 18 milliardar. Det ligg dermed i korta at resten av pengane ryk med til ny bru frå Jektavik til Tysnes og deretter nær 35 km med ny firefelts veg over Tysnes like til nord på Rekstern.

Om ein for oversikts skuld summerer gildet til 40 milliardar, er det heilt klart at ein ikkje har rekna på kostnader korkje med nytt tunnelløp nummer to under Bømlafjorden eller kostnader med firefeltsveg frå Sveio til Bokn. I tillegg til dette sit ein tilbake med tapt urørt natur i størrelsesorden 30.000 m x 60 = 1.800.000 m2 ,eller område tilsvarande meir enn 1.000-1.200 fotballbanar.

Når Rogfast no er kalkulert til 25-26 milliardar, betyr det enkelt sagt at prisen er éin milliard per kilometer firefelts undersjøisk tunnel. Med ti kilometer tunnel frå Sandvikvåg til Huftarøyno, og deretter 10-12 km tunnel frå Storebø til Strøno, så ville med andre ord E39 kunne vere ein realitet for langt mindre pengar enn Rogfast.

Austevoll vil slik bli landfast og bidra med nedlegging av to ferjesamband. Foto: Norkart / Inge Håvard Habbestad

Vegane ligg der. Det er berre å ta dei i bruk. Samfunnsnytten med ei slik løysing vil vere formidabel i høve til den løysinga som ligg i bordet. Austevoll vil slik bli landfast og bidra med nedlegging av to ferjesamband og dermed ekstra statlege midlar av store dimensjonar, i tillegg til at heile folket der vil bli storbrukarar av det nye sambandet. Alt dette vil medføre ein rimeleg akseptabel bompris for alle brukarar. Det seier seg sjølv at når statlege tilskot vil kunne doblast, samstundes med at totalkostnaden vert halvert, så vil det kunne vere rom for alt som trengs til oppgradering av eksisterande vegar. Med ei slik løysing kan ein arbeide raskt og sikkert med kjend teknologi og utvikle vegane våre i takt med auken i trafikken langs eksisterande vegtrasear. Dei aller fleste stader utanom i sentrumsnære strøk vil me fint klare oss med trefelts veg med krabbefelt i oppoverbakkar for tungtransport. Dette vil i høgste grad vere langt å foretrekkje framfor å byggje ned naturen vår med veganlegg for ein trafikk som det ikkje er behov for. Eg oppfordrar Halleraker til å ta fatt på dette. Me treng Hordfast mens me lever.