Fitjar vgs. er ein veldig god skule for alle som går der. Trivselsfaktoren er svært høg både for elevar som er sterke både fagleg og sosialt og dei som slit med ulike utfordringar.

For dei som har utfordringar av ulik art, til dømes med å gå på store skular kan Fitjar vgs. vera redninga.

Det er mange som har hatt problem med å fullføre vidaregåande andre stader som har greidd å fullføre videregåande på grunn av Fitjar vgs. sine unike kvalitetar.

Det er ein liten skule med trygge rammer der alle elevane blir sett! Ein kan gjerne tru at samlokalisering til store einingar gjev innsparingar. Men det er ikkje alltid tilfelle.

Dersom ein kan hindre at ungdomar fell ut av skulen, kan samfunnet sparast for store summar.

Men det aller viktigaste er at ein erkjenner at det trengst ulike tilbod, fordi det finst ulike menneske, med ulike behov.

Skulen er også viktig for lokalsamfunnet i Fitjar! M.a. er skulen viktig for rekruttering av arbeidskraft, samarbeid med næringsliv, lag og organisasjoner og bulyst i Fitjar kommune.

Det at ein føreslår å legge ned dei kreative linene både på Stord og Fitjar vgs. meiner eg er heilt respektlaust! Det fører til at alle her i distriktet som ønsker slik utdanning må flytta til Bergen eller andre stader på hybel for å få desse tilboda. Dette kan by på store utfordringar for unge elevar på 15-16 år, det vert også dyrt for foreldra!

Eg undrar meg i tillegg over kor låg status dei kreative faga har fått i våre dagar. Kanskje er det lett å tenke at slike fag er unødvendige. Men det er eit faktum at mange av dei elevane som vel slike liner, seinare vert kulturarbeidarar på ulike felt.

Etter mine berekningar må jo desse fagfelta vera særskilt viktige, fordi eit rikt kulturliv vil jo alle ha. Kulturen vert jo trass alt definert som «limet i samfunnet!