Vedtaket om å berre ta imot ukrainske flyktningar er djupt uheldig og representerer ein uakseptabel form for ekskludering.

Å avgrensa vår hjelp til berre éin nasjonalitet undergrev prinsippet om solidaritet og menneskeleg verdigheit. Flyktningar kjem frå ulike delar av verda og har alle opplevd liding og naud. Å velja ut ei bestemt gruppe basert på nasjonalitet er diskriminerande og bryt med våre grunnleggjande verdiar om likeverd og inkludering. Forskjellsbehandling grunna etnisitet er faktisk rasisme.

Fitjar har både plass og ressursar til å ta imot flyktningar frå ulike delar av verda. Å hevda noko anna er ei feilaktig framstilling av situasjonen. Det handlar om liv og behovet for vern, uavhengig av kor flyktningane kjem frå.

Argumentet om at kommunen ikkje er «rigga» for å ta imot andre enn ukrainske flyktningar er uhaldbart. Som samfunn har vi ein plikt til å tilby tryggleik og hjelp til dei som treng det, uavhengig av kor dei kjem frå. Å stengja døra for andre grupper av flyktningar er ei fallitterklæring og vitnar om manglande vilje til å ta ansvar for vårt globale fellesskap.

Fitjar kommune har ei unik mogelegheit til å visa solidaritet og medmenneskelegdom ved å opna sine dører for alle flyktningar som treng vern og hjelp. Lat oss ikkje la oss styra av frykt eller avgrensingar, men heller handla i tråd med våre grunnleggjande verdiar om å stå saman i motgang og støtta dei mest sårbare i samfunnet.

Det er på tide å omfamna mangfaldet og visa at vi er eit samfunn som verdset alle menneskes verdigheit og rettar. Fitjar kommune må revidera sitt vedtak og opna dørene for alle flyktningar som søkjer vern og ein trygg hamn. Me må stilla oss kritiske til dette forslaget, og eg oppfordrar folk til å bruka røysta si og snakka imot dette vedtaket, fordi slik skal vi ikkje ha det i Noreg.