I 2023 såg me ein sterk nedgang på studentar som møtte opp ved studiestart på HVL campus Stord. På campus på Stord er det spesielt tre yrke som dominerer, sjukepleie, grunnskulelærar og barnehagelærar. Dette er og tre yrke som slit med rekruttering på nasjonal basis, samstundes som at det er nokon av dei viktigaste yrkene ein har. Derimot er situasjonen på Stord ekstra skummel, antal søkjarar har ein større nedgang enn på nasjonalbasis. Dette trass i at me har den eldste lærarutdanninga i landet, som det for nokre år tilbake, var stor konkurranse om.

Det er på tide at Stord kommune som ein vertskommune tek på seg litt ansvar rundt dette. Stord har gode føresetnader for å lukkast til å bli ein studentby. Me har det meste ein student kunne drøymt om, samstundes som at det er ein tettpakka kommune som er enkel å bli kjent med. Me har kultur- og fritidstilbod, utestadar, fin natur og viktigast av alt studentengasjement blant studentane. Trass dette er det fåtalet som vel å bli verande på Stord og få som søkjer seg her til.

Stord kommune sit i ein vanskeleg og tung situasjon økonomisk. Det blir og ofte nemnt dei demografiske utfordringane me står over. Med alt dette i grunn, kvifor er ikkje fokuset på rett stad? For eg må vera så ærleg å seia at eg ikkje forstår kvifor me i kommunen ikkje gjera meir for å behalda oss unge her og rekruttera fleire til å busetja seg her. Trivst me unge i kommunen vil me fortsetta å bu her. Er kommunen med på å setja søkjelys på situasjonen og leggja til rette for at det kan bli ein studentby, ja kanskje fleire vel å flytta til Stord. Me treng lærarar og me treng sjukepleiarar, og framtida til begge yrka ligg på Rommetveit hos oss som har valt å studera der.

Studentar går inn i ein etableringsfase, noko som gjer at det er enklare å få folk til å flytta til Stord når dei er i den fasen enn når dei allereie er ferdig etablerte med barn. Klarar ein å få dei til å trivast så godt at dei synest dette er ein stad dei ynskjer å bli buande, har me plutseleg fått fleire innbyggjarar i kommunen. Dette er ein fordel for oss, ikkje berre med at dei har ei utdanning som verkeleg trengst etter dei er ferdig utdanna på campus, men om du vel å sjå på det frå eit anna perspektiv vil det og vera til ein økonomisk fordel for kommunen.

Eit av dei store problema for fleire studentar er at slik campus ligg til rette no er ein avhengig av bil for å komma seg rundt. Fleire og fleire studentar seier ifrå om at dei føler seg som ein del av Rommetveit, ikkje ein del av Stord. Det er ikkje med det sagt at løysinga for alle studentar er å flytte campus, som har vore lufta i samfunnsdebatten. Eit enklare steg er å få inn betre kollektive løysingar til og frå campus. Me er takksame for at dette er blitt tatt med vidare og håpar på at kommunen framleis pressar på fylkeskommunen for å få til eit god løysing for oss studentar.

Ifølgje studentbustadundersøkinga skriv Norges studentorganisasjon (NSO) at i 2023 manglar det 14.629 bustader for å nå det nasjonale målet om ein dekningsgrad på minst 20 prosent. Stord derimot har fleire ledige studentbustader på campus til ein god pris. Det er som kjent eit problem for fleire studentar å få den økonomiske delen til å gå opp. Om ein vel Stord som studentby slepp ein å betala ned heile studielånet på bustad. Då campus tilbyr studiar som sjukepleiar, grunnskulelærar og barnehagelærar er det og god mogelegheit for både deltidsjobb under studie, samstundes som at ein nærast er sikra jobb i det ein er ferdig utdanna.

Er ein glad i natur er det ingen betre stad enn her. Campus ligg rett ved fin natur og naturstiar, er nær fjell og fin strand og badestad rett ved. I ein storby kan ein fort merka at det er travelt å studera, og ein travel by rundt med konstante impulsar. På Stord kan ein finna ro og gå rett ut i skulehagen med naturen og ha byen berre fem minutt unna med bil.

Då det er eit lite campus får ein god kontakt og oppfølging av lærar under heile studietida. Dei er alltid tilgjengelege, noko som er viktig for oss studentar. Du blir ikkje sett på som berre ein av mange, men som ein enkeltperson. Det er gode fasilitetar for læring og opne lågterskeltilbod for å aktivisera seg. På campus har me eige treningssenter, studentidrettslag, studentorganisasjon som legg til rette for sosiale aktivitetar i eige studenthus - Granheim.

Me skjønnar at folk har lyst å flytta vekk, og at Stord kommune som ein vertskommune ikkje kan gjera alt. Men som studentar frå Sunnhordland, som campustillitsvalde og som no verande studentar som går ulike yrkesvegar, veit me at me har store føresetnader for å få Stord og campus til å bli ein god stad for den enkelte student. At Stord og HVL kan gå hand i hand i med studentane.