FAU ved Langeland ser positivt på moglegheita til å få ein ny skule som stettar behova til elevar og tilsette, og at tidlegare vedtak om utbygging, bygging av ny hall og renovering av uteområde endeleg kan bli gjennomført. Me er likevel urolige rundt tempoet i den reviderte skulebruksplanen, og meiner vidare at det er stor usikkerheit knytt til fleire sider ved planen.

Dei tre forslaga rundt framtidig skulestruktur som gjeld Langeland skule (Alternativ 3A, 3B og 3C) inneber alle ein stor auke i elevtalet. FAU er ikkje naudsynt negative til ein større skule med fleire elevar, men meiner at opprustinga av skulen og uteområdet må gjerast på ein måte som tek vare på behova til elevar og tilsette.

Me ynskjer å peika på følgjande utfordringar i dei føreslegne alternativa:

  • Elevgrunnlag og skulekrinsar. Framskrivingane over elevtalet i kommunen varierer mykje. Tala i gjeldande skulebruksplan samsvarar i liten grad med tala som er presentert i forslaget til den reviderte skulebruksplanen. Kor sikre er ein på desse nyetala? I same andedrag verkar ideen om å leggja ned Leirvik skule når ein samstundes ynskjer fortetting i sentrum særs lite gjennomtenkt og framtidsretta.

  • Areal. Er det nok areal tilgjengeleg til å utvida skulen? I kapittel 2.3 Uteområdet i forslaget til revidert skulebruksplan står det følgjande om areal:

«For nye skular er anbefalinga samla minimumsareal om lag 5000 m² for skular med færre enn 100 elevar, for skular med mellom 100 og 300 elevar samla minimumsareal om lag 10 000 m², og for skular med fleire enn 300 elevar samla minimumsareal om lag 15 000 m² med tillegg på 25 m² for kvar elev over 300. Areal i seg sjølv er ikkje nok til å ha eit tilfredsstillande uteområde. Variert tilrettelegging og organisering av bruken av areala er minst like viktig.»

Går ein for alternativ 3B (der skulen er sett opp med 670 elevar i 2025) bør skulen ha eit minimums­areal på 24 000 m². Kor mykje areal har skulen tilgjengeleg i dag?

  • Byggjekostnader. Me stiller spørsmål ved kva investerings­kostnadene i forslaga er basert på, og kor truverdige dei er. For å ta nokre døme: I 0-alternativet er det ført opp 90 millionar kroner til utbetring av Langeland skule. I alternativ 3A, der ca. 180 elevar skal flyttast frå Leirvik skule til Langeland, er den samla investerings­kostnaden på Langeland sett til 105 millionar kroner. Går ein til alternativ 3B, der 300 elevar skal flyttast til Langeland, så er investerings­kostnaden sett til 177 millionar kroner. I juni 2023 sa dåverande konstituert kommunedirektør Mariann Jacobsen Hilt til Stord24 at kostnadene ved å bygga ny hall på Langeland var stipulert til minst 100 millionar kroner. Viss dette er prisen for ein hall, så må då prisen for ei skuleutbygging verta langt høgare? Slik me forstår er estimata basert på areal per elev pluss bruk av norsk prisbok sine kvadratmeter­prisar for skulebygg. Er prisen for riving av eksisterande bygg og grunnarbeid inkludert i desse summane?

  • Trafikktryggleik: Langeland skule opplever dagleg at det er store trafikkale utfordringar ved bringe- og hentesituasjonar, noko som utgjer ein stor risiko og fare for elevar og vaksne ved skulen. Ved ei storstila utbygging av skulen må det gjerast ei monaleg utbetring av tilkomstveg, parkerings­plassar, busshalde­plass og sone for henting og levering. Me kan ikkje sjå at det vert nemnd trafikksikrings­tiltak i forslaget frå administrasjonen, og stiller spørsmål ved om det er sett av pengar til dette i investerings­kostnadene.

  • Trivsel og tryggleik: Nokre i FAU uttrykker uro over kva ein stor skule vil ha å seia for trivselen og tryggleiken til elevane. Elevundersøkinga viser at elevar i kommunen slit med høge mobbetal, låg motivasjon for læring og at elevane opplever manglande arbeidsro. Dette vil neppe bli betre om ein gjer eit forhasta vedtak om saman­slåing av Leirvik og Langeland skule.

Til sist eit hjartesukk: Skule er ei av kjerneoppgåvene i det kommunale sjølvstyret. At administrasjon og politikarar prøver å køyra gjennom ei så omfattande sak rett etter eit val utan at veljarane har fått teke stilling til ho, set ingen av dei i godt ljos.

For FAU ved Langeland skule

Rune Kjempenes, FAU-leiar