Rådmannen skal leggja fram sak for politikarane i RHO-komiteen med vurdering av dagens tilbod på Vidsteentunet aktivitetssenter. No fryktar dei tillitsvalde at tilbodet kan forsvinna.
Rådmannen skal leggja fram sak for politikarane i RHO-komiteen med vurdering av dagens tilbod på Vidsteentunet aktivitetssenter. No fryktar dei tillitsvalde at tilbodet kan forsvinna. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Kroken på døra for Vidsteentunet?»

I slutten av denne månaden vert det avgjort korleis det kommunale dagtilbodet til vaksne med utviklingshemming vil bli, i åra som kjem. Rådmannen er beden om å leggje fram ei sak i RHO-komiteen, med ei utgreiing av konsekvensane ved ei avvikling av dagens tilbod ved Vidsteentunet aktivitetssenter. Aktivitetssenteret vert vurdert å huse andre tiltak og tenester. Etter det me i FO (Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar) kjenner til, dreier det seg om å spare inn leigeutgifter kommunen har i dag.

I samband med budsjettframlegget hausten 2018 skreiv rådmannen at ei avvikling av Vidsteentunet vil føre til ei kraftig fortetting på Sæbø gard og redusere kapasitetsveksten i åra som kjem. Vert Vidsteentunet Aktivitetssenter avvikla, er tanken å gje eit tilbod til alle vaksne med utviklingshemming, som fell utanfor NAV sine tilrettelagde ordningar, eit tilbod på Sæbø gard.

Etter det me kjenner til, er det 34 brukarar som allereie har vedtak på eit kommunalt dagtilbod, fordelt på «Brakka», «Hovudhuset» på Sæbø gard og Vidsteentunet Aktivitetssenter, i tillegg til fellesstove i ein bustad. Det er venta 15 nye søkjarar dei neste sju åra (11 aktuelle dei næraste fem åra).

Korleis tenkjer rådmannen at reknestykket skal gå i hop? I det nye bygget på Sæbø er det tatt høgde for 20 brukarar. «Hovudhuset» eignar seg som base for 10 brukarar, i «Brakka» kan ein gje tilbod til to brukarar og fellesstova i bustad skulle berre vera ei midlertidig løysing, i påvente av utvidinga. Med andre ord er det bygningsmessig kapasitet for 32 brukarar på Sæbø gard. Talet på tilsette er då ikkje rekna med. Vert Vidsteentunet Aktivitetssenter avvikla, vert plassane på Sæbø fylt opp med ein gong. Korleis skal ein då møte nye behov? Talet på brukarar som vil få behov for redusert tilbod grunna alder, samsvarer ikkje med talet på nye, potensielle søkjarar.

I «Forstudiet – nye dagplassar – Sæbø gard», som blei lagt fram for RHO-komiteen i desember 2015, blei det i saksutgreiinga vist til at ein dei siste åra hadde auka talet på dagplassar med å fortsette eksisterande tilbod på Vidsteentunet og Sæbø gard. Prosjektgruppa rådde til at det blei bygd nytt bygg på Sæbø gard med plass til 20 dagplassar og at Vidsteentunet vart oppretthalde med dagens drift. Det blei og lagt fram ei alternativ tilråding som innebar å løyve meir pengar til å byggje eit større nybygg for å få plass til brukarane frå Vidsteentunet. Denne alternative løysinga valte RHO-komiteen å sjå bort frå, noko me i FO var og er svært nøgd med. I saka blei det peika på at best mogeleg innemiljø og gode høve for fysisk aktivitet påverkar folkehelsa. «Å byggja eit nybygg med plass til 20 dagplassar på Sæbø gard vil difor betre livskvaliteten til brukarane med psykisk utviklingshemming». RHO-komiteen vedtok samrøystes å gå vidare med forprosjekt på eit nybygg på Sæbø, med 20 dagplassar.

Me i FO har vanskar med å skjønna korleis politikarane no kan sjå heilt vekk frå desse vurderingane og eventuelt gjera eit vedtak som vil innebere ei fortetting og ikkje gi rom for å kunne ta imot nye brukarar. Det er heller ikkje greitt å avvikle Vidsteentunet, med den konsekvens at enkelte får eit redusert tilbod, eventuelt mister dagplassen sin. Me kan ikkje sjå at det vil løne seg økonomisk, ettersom brukarane då vil få behov for meir hjelp i heimen.

Artikkelen held fram under annonsen.

FO ønskjer ikkje ei ytterlegare segregering av personar med utviklingshemming. Det vil vera i strid med nasjonale og internasjonale føringar. Det er ønskjeleg med eit fleksibelt tilbod innan arbeid/aktivitet, med høve til val. Først då kan ein få til reell brukarmedverknad. Tek ein frå brukarane høve til å velja eit sentrumsnært tilbod, vert valfridomen kraftig avgrensa. Det handlar ikkje berre om geografisk plassering og det fysiske miljø, men og innhald i dagen/kva ein vil gjera, i tillegg til kven ein vil vera i lag med, eller … helst ikkje vil vera i lag med. Individuelle omsyn vil bli vanskeleg å imøtekomme, dersom alle vaksne med utviklingshemming, med behov for eit kommunalt dagtilbod, skal samlast på Sæbø gard. I nybygget er det nødvendig å kunne bruke romma fleksibelt, for å kunne vareta ulike interesser, behov og å kunne tilby aktivitetar som gir meistring og ein meiningsfull kvardag. Må ein nytte aktivitetsrom til brukarar med behov for tilbaketrekking /skjerming, vil det avgrense mogelegheitene for andre. – Tilbodet blir veldig «låst».

Det er trist dersom politikarane i kommunen, i arbeidet med å finne nye og billigare lokale til andre tiltak og tenester, vil leggje utviding av kapasiteten innan dagtilboda til side. Å basere seg på ei ytterlegare fortetting på Sæbø er ikkje ønskjeleg. For leiinga vert det kan hende enklare å administrere tenestene, ved å samle «alle» innan eit lite geografisk område. Men for brukarane vil dette føre til auka konfliktar og gjera kvardagen meir utfordrande for både brukarar og tilsette. Fine, nye lokale og naturskjønne omgjevnader kan ikkje kompensere for ulempene dette vil føre med seg. Me vonar omsynet til brukarar og tilsette vil vege tyngst når dette skal avgjerast.

Eit sentrum utan mangfald vil bli eit «fattig» sentrum. Kan ein bidra med gode og fleksible løysingar for brukarane, vil det også vera bra for tilsette sin arbeidssituasjon og Stord-samfunnet generelt. I staden for å avvikle eit godt, etablert tilbod, bør ein heller vidareutvikle Vidsteentunet, i tråd med behova til dei som ønskjer å bli verande, for «nye» som ønskjer eit sentrumsnært tilbod og for dei som treng eit mindre og meir oversiktleg miljø.

Gunn-Marit Birkeland,

plasstillitsvalt for FO i Eining for habilitering, avd. Sæbø gard/Vidsteentunet Aktivitetssenter