Skal Stord skiftanamn no?

ME HAR med interesse følgt debatten om kva namn byen Stord skal ha i framtida. Me har til tider vore sterkt inne på tanken om at Leirvik burde vera namnet på byen på øya Stord.NO HAR me kome til ein konklusjon. Og den som overtydde oss om dette er Johannes Sørli. Ein person med solid lokalkunnskap, og ikkje minst med kunnskap om namn kringom i landet.ME ER ikkje lenger i tvil om at bynamnet må vera Stord. Leirvik vil framleis vera det lokale senteret, der kommuneadministrasjonen er å treffa og der andre viktige lokale funksjonar er samla. Men Leirvik vil framleis vera meir enn det, det må utviklast vidare som eit trafikknutepunkt for heile regionen. Ute i distriktet er Leirvik, eller "Vikjo" kjent som det.DET er likevel ikkje nok til at byen skal ha namnet Leirvik. Stord som by er meir omfattande enn berre Leirvik. Me har, som Sørli peikar på, fleire bydelar. Dei må me ta vare på. Det er store utbyggingar på gang i desse områda – og i forstadene Rommetveit og Sagvåg er det ei rivande utvikling.ME siterer dette, som overtydde oss: "Stord er ein av dei små kommunane i Hordaland i areal, og bystrukturen vil eta seg utover meir og meir etter som tida går. Då vil det gå opp for dei fleste at Stord sjølvsagt er det mest naturlege namnet på byen, og eit godt namn. Dessutan er me åleine om namnet Stord."