Google Maps
Google Maps

Bilferje i redningsaksjon

Då forskningsfartøyet Geosea fekk maskinstans, retta bilferja Raunefjord kursen mot Selbjørnsfjorden for å hjelpa.

Onsdag ettermiddag sende Fjord 1 ut melding om at ferjeavgangen klokka 16.00 frå Halhjem og klokka 16.45 frå Sandvikvåg er kansellert på grunn av eit pågåande redningsoppdrag. Erik Willarsen i Hovudredningssentralen seier til Sunnhordland at redningsoppdraget no har gått over til å bli eit slepeoppdrag. 

- Forskningsfartøyet Geosea fekk maskinstans medan dei var i Selbjørnsfjorden. Me sende umiddelbart ut melding der me spurde om det var nokre fartøy i nærleiken, som kunne hjelpa. Bilferja "Raunefjord" kom først på plass, men etterkvart tok Ringafjord over. "Raunefjord" er no på veg tilbake for å gå i vanleg rute, seier Willarsen.

Han seier at Geosea blir slept innover i fjorden, medan dei prøver å fiksa opp i problema.

- Går ikkje dette vil fartøyet bli slept i land.  

Sunnhordland har førebels ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Fjord1.

Det er sju personar ombord i Geosea. Willarsen kjenner ikkje til om det var passasjerar ombord i "Raunefjord" då ferja retta kursen mot fartøyet.