Jostein Waage er fast bestemt på at den lokale «pikken» i Brandasund er sværare enn den mykje omtalte Trollpikken i Eigersund.
Jostein Waage er fast bestemt på at den lokale «pikken» i Brandasund er sværare enn den mykje omtalte Trollpikken i Eigersund. Foto: Privat

– Denne formasjonen er stramare

Jostein Waage let seg ikkje imponera av den mykje omtalte Trollpikken i Eigersund.

Den store snakkisen i helga har utvilsamt vore steinformasjonen Trollpikken. Laurdag formiddag oppdaga turgåarar at steinen var knekt tvers av.

– Eg blei fly forbanna, dette er kriminalitet og totalt uakseptabelt. Eg håpar dei som har gjort det, får seg ein smekk på fingrane, sa Bjarne Sigve Kverneland (47) frå Ålgård tilVG.

Folk i Eigersund har hatt ønskje om å gjera Trollpikken om til ein turistattraksjon. Etter at steinen blei øydelagt har det komme i gang kronerulling for å få han plassert tilbake der han stod.

Natt til i dag var det komme inn nesten 140.000 kroner frå 878 gjevarar for å gjenreisa Trollpikken, ifølgjeVG.

Jostein Waage i Brandasund har sjølvsagt fått med seg nyhenda. Men han er ikkje imponert av det han har sett. Laurdag ettermiddag publiserte han eit bilete på Facebook-profilen sin. Motivet er ein steinformasjon som kan få oss inn på same assosiasjonar som snakkisen lengre sør i landet.

– Eg synest formasjonen i Brandasund er mykje stramare enn den i Eigersund, seier ein lattermild Waage til Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å vera lærar, jobbar også Waage i turistnæringa. No håpar han at folk skal valfarta til øyriket for å få med seg «Brandasundpikken» frå nært hald.

– Eg trur spesielt kvinnelege turistar vil ha stor glede av dette. Eg lovar å vera guide, viss betalinga er god nok, smiler han.

Waage driv Brandasund kultur og fritid, og driv mellom anna med utleige av båtar.

For dei som interesserar seg for fjellformasjoner av dette slaget. Troll......... i Brandasundet. Som de ser; meir potent enn dei fleste. Flat six pack + brystkasse. Lengde; langt over middels, men litt tynn👍😎

Posted byJostein Waage on 24. juni 2017