Etter 20 år som ordførar i Tysnes, blir Helge Hauge (Sp) nå pensjonist. ARKIVFOTO

Får gåve til 50.000

Medan nokre ordførarar får etterløn når dei går av, får Helge Hauge (Sp) i Tysnes eit reisegåvekort med Hurtigruta.

Får gave til 50.000 kroner

I Tysnes får avtroppande ordførar Helge Hauge (Sp) ein tur med Hurtigruta i avskjedsgåve. Verdien på turen er på 50.000 kroner.

Det var formannskapet i kommunen som vedtok gåva, skriv bt.no.

- Han har vore aktiv i politikken i Tysnes i 28 år, og har vore ordførar i til saman 20 år. Difor var det heilt naturleg for meg som varaordfører å føreslå dette for formannskapet. Eg hadde samtalar med rådmannen, og han meinte det var heilt på sin plass å gje han ei gåve som takk for innsatsen han har gjort gjennom mange år, seier avtroppande varaordførar Magne Ivar Fauskanger (Frp) til bt.no.