Helge Hauge (Sp) har vore ordførar i Tysnes i 16 år. No får han fire nye år. (Arkivfoto)

Hauge held fram

Helge Hauge (Sp) held fram som ordførar i Tysnes, medan Magne Fauskanger (FrP) blir varaordførar.

Partia skal òg samarbeida med Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti. Det er klart etter at ein avtale blei underteikna søndag kveld.

- Eg er glad me får eit så breitt fundament, seier Helge Hauge (Sp) til Sunnhordland.no.

Venstre og Tverrpolitisk liste er dei einaste i det nye kommunestyret som vil stå utanfor samarbeidet.