Stemningsfull kveldsutsikt over byen i Sunnhordland som vegbokforfattarar har omdøypt.

Heiter byen Stord eller Leirvik?

I år feirar Stord 10 års jubileum som by, det same gjer Leirvik. I alle fall om ein skal tru NAF si vegbok.

I NAF si vegbok vert nemleg Leirvik omtala som ein by. Ein by på 10 år som fekk bystatus i 1997.

– Stemmer det? Finst det ein by ved namn Leirvik?

– Byen heiter Stord, slår Magne Rommetveit fast.

Rommetveit som er ordførar i Stord kommune var sjølv med i forhandlingane då Stord fekk bystatus i for 10 år sidan.

– Leirvik er ein tettstad, eller eit sentrum om du vil.

Også i leksikon er definisjonen klar; ‹‹Leirvik er kommunesentrum i Stord›› og ‹‹kommunen har vedteke at Stord kan nytta nemninga by.››

Artikkelen held fram under annonsen.

– Leirvik er ein by

Likevel står redaktør i vegboka, Knut Harald Evensen, fast på sitt.

– Leirvik er byen alle snakkar om. Kommunen heiter Stord. Til og med skilta viser veg til Leirvik.

For oss som skal laga vegbok er det viktig å avspegla det som bilførarane møter på vegen, – og det er Leirvik, seier redaktøren, trass i at Leirvik aldri har vore ein by.

Dessutan, skulle me gjeve byen namnet alle snakkar om, ville vel det ha vore ‹‹Vikjo››?