Kværner i Verdal drog i land ein storkontrakt i dag. Her ser me bilete frå Johan Sverdrup-prosjektet på Stord i fjor.
Kværner i Verdal drog i land ein storkontrakt i dag. Her ser me bilete frå Johan Sverdrup-prosjektet på Stord i fjor. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kværner feirar med kake i dag

Kværner i Verdal fekk stor Johan Sverdrup-kontrakt til 900 millionar – og Kværner på Stord jublar.

I dag vann Kværner anbodet på det fjerde stålunderstellet for Sverdrup. Dette betyr 300 arbeidsplassar for Kværner sitt verft i Verdal.

– I utgangspunktet skal jobben gjerast i Verdal, men me er eitt selskap og jobbar mykje på tvers. Dette er ein veldig viktig kontrakt for Kværner, og difor blir det også markert med kakefeiring i heile selskapet, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner på Stord.

Les også: Betre marknadsutsikter for Kværner