Kværner har kjøpt naboverksemda GMC Decom, og satsar dermed endå meir på demolering av gamle installasjonar i åra som kjem.

Arkivfoto
Kværner har kjøpt naboverksemda GMC Decom, og satsar dermed endå meir på demolering av gamle installasjonar i åra som kjem. Arkivfoto

Kværner satsar sterkare på opphogging

Kværner kjøper naboen GMC Decom på Eldøyane.

Kværner har inngått avtale om å kjøpa demoleringsverksemda GMC Decom på Eldøyane. Prisen er ikkje kjent.

– Oppkjøpet gjev Kværner tilgang til ekstra landareal og utstyr, som både vil betra effektivitet og tryggleik ved Kværner sitt demoleringsanlegg, skriv selskapet i ei pressemelding.

Dermed satsar Kværner endå meir på demolering framover, noko selskapet ser på som eit vekstsegment dei neste tiåra.

I fjor vann Kværner to opphoggingskontraktar, som no er under gjennomføring. I tillegg har selskapet nyleg inngått kontrakt for opphogging og attvinning av to offshoreplattformer, Varg A og plattformdekket og brua frå Valhall QP-plattforma.

Når Kværner no kjøper naboen på Eldøyane, vil storleiken på Kværner sitt demoleringsanlegg auka med 35 prosent.

– Sjølv om oppkjøpet er smått i eit finansielt perspektiv, vil overtakinga gje oss verdfull kompetanse, utstyr og areal som aukar vår kapasitet og konkurranseevne i dette vekstsegmentet, seier Hans Petter Mølmen, som er Kværner sin konserndirektør med ansvar for «Concrete & New Solutions».

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare vil Kværner til hausten få i drift ei stasjonærsaks som kan klippa stålstrukturar som er opptil åtte meter lange, og 150 millimeter tjukke.

Kaiutvidinga, som nyleg er vedteken, vil også gje fordelar knytt til demoleringsverksemda.

– Kaiinvesteringa gjer oss i betre stand til å jobba med fleire store og mindre prosjekt parallelt, og det vil gje oss større fleksibilitet, seier Mølmen.

Les også:Går i gang med gigantkaien på Kjøtteinen