Lensmann Bernt Norvalls.
Alle foto: PER EGIL LARSEN

Let barten gro for at folk skal snakka om kreft

– Me støttar ei god sak, seier Stord-lensmann Bernt Norvalls.

Movember

Organisasjonen Movember jobbar for auka bevisstgjeringa kring helsa til menn, særleg med tanke på prostata- og testikkelkreft, og psykisk helse.For å spreia bodskapen, og for å samla inn pengar, oppmodar dei kvart år menn til å gro bart i november. På den måten skal mennene endra utsjånaden sin, og dermed gje sjukdommen eit nytt ansikt.Etter same modell som ein del løp som samlar inn pengar til gode føremål, skal mennene få vener og kjende til å donera pengar etter kvart som barten veks.Movember starta i Australia i 2003, og berre i fjor samla prosjektet inn 839 millionar kroner.Kjelde: Movember si nettside

Medan butikkane byrjar å hengja opp julepynten, og snøen så vidt melder seg i Sunnhordland, byrjar hordar av menn kvar november månad å gro bart. Ikkje fordi dei nødvendigvis er særleg glade i ansiktshår, men for å støtta ei god sak gjennom den verdsomspennande kampanjen Movember.

Ved å skilja seg ut med bart under nasen, er målet at fleire skal snakka om helsa til menn, samstundes som det blir samla inn pengar til forsking på prostata- og testikkelkreft.

Og skal me tru dei blåkledde på lensmannskontoret, funkar det.

Nils Henrik Nodland

Tilbakemeldingar

– Det har vore ein del som har stoppa oss når me har vore ute på jobb, som har kommentert at dei synest det er bra at me er med på dette. Då får me også snakka litt om kva det handlar om, seier Nils Blikra.

Les også: Kvinner slår eit slag for bartemenn

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit tosifra tal politimenn på Stord har dei siste vekene late barberhøvelen liggja. Og sjølv om somme alt har rukke å gro reale kosteskaft under nasen, er det ikkje alle som er like nøgde med resultatet.

– Går det an å photoshoppa biletet litt? undrar Aleksander Mathieson, til latterbrøl frå dei andre.

Han meiner dessutan barten kjem godt med når han skal ut og sjekka damer.

– Men hadde det ikkje vore ein fordel om barten var litt synlegare, då?

– Tja, det er vel kanskje akkurat difor det funkar, flirer politimannen.

Aleksander Mathieson.

– God sak

Men Norvalls og gjengen gror ikkje bart berre på gøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me støttar ei god sak, slik at det kjem pengar til forsking på prostatakreft, og at folk går og sjekkar seg, i alle fall når dei kjem opp i ein viss alder, seier lensmann Bernt Norvalls.

Sjå biletserie med lokale november-bartar!

Lovens lange arm på Stord er ikkje åleine om å gro bart denne månaden. Nokre steinkast unna sit gjengen på Oktan sitt Stord-kontor og klør seg i barten.

Kim Nedreegg.

– Likar ikkje bart

– Eg likar eigentleg ikkje bart, og har tidlegare fått både far min og svigerfar min til å ta bartane sine. Så når eg sjølv byrja å gro bart, var det mange som lurte på kva som skjedde, seier Espen Kvalheim.

Kollega Jostein Sydnes har heller ikkje bart resten av året, bortsett frå nokre sporadiske sommarstunt, som han kallar det.

– Då kjem spørsmåla når barten kjem, og så får me høve til å fortelja om prosjektet, fortel Sydnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis er det å gå rundt med bart, når de helst hadde klart dykk utan?

– Du må jo berre gjera det. Heldigvis varer det berre ein månad, seier Sydnes.

På Movember si nettside er det ei oversikt over ulike bartestilar ein kan velja, når ein vel å bli ein bartemann. For Kvalheim og Sydnes har det ikkje vore særleg aktuelt å gjera noko djupare studie av den plakaten.

– Her er det nok naturen som bestemmer. Me har relativt liten skjeggvekst begge to, og må berre ta det me får, seier Sydnes.

Nils Blikra.
Terje Eriksen
Lars-Christian Eskerud.
Øyvind Børnes.
Kjetil Hauge.
Egil Espeland.
Les også
– Veit lite om sjukdommen
Les også
Kva har du under nasen din?
Les også
Slår eit slag for bartemenn