Dagleg leiar Johannes Koløen i Midtfjellet Vindkraft AS (f.v.) ynskja velkommen til opninga, medan fylkesordførar Tom-Christer Nilsen stod for den offisielle opninga av den første vindparken i Hordaland. Foto: Per Egil Larsen

No er vindparken opna

Ole Vidar Lunde hadde ein stor dag på Midtfjellet i dag.

– Dette er ein fantastisk dag. No set me punktum for ein 16 år lang innsats, seier Ole Vidar Lunde.

Les også: Møllene som splitta bygda

((videoid=76))

Han har vore primus motor bak vindmølleprosjektet i Fitjar, men for tida er han sjukemeldt frå jobben som dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft AS.

Først i 2004 blei det meldt om planlegging av vindkraftverk i Fitjar, men ideen kom mange år før.

Les også: Han skal ikkje på festen

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er 16 år sidan me byrja å planleggja vindparken i Fitjar. Det aller første me gjorde var at me sette oss ned og diskuterte kva moglegheiter me hadde for å byggja ut energi i Fitjar. Då såg me på vatn og vind, og fann fort ut at det var litt energi i vatnet, og veldig masse energi i vinden. Nokre månader seinare hadde me sett opp ei målemase i fjellet, seier Ole Vidar Lunde.

Flagget var heist til topps i Midtfjellet Vindkraftpark på opningsdagen. Foto: Per Egil Larsen

Flottare enn planlagt

Planlegginga av parken har ikkje gått heilt slik han såg føre seg.

– Den er blitt større og flottare. Det er fantastisk at me har fått eit så flott og moderne anlegg i Fitjar, seier Lunde.

Les også: Håpar på samarbeid til fjells

Trass i at tysdag morgon starta med grå skyer og nedbør, skein sola då fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland erklærte vindparken for opna. Midtfjellet vindkraftpark er den første vindparken i Hordaland.  

Litt forsinka, blei fleire busslaster med inviterte gjester frakta opp til den offisielle opninga ved møllepunkt B7. Fitjar skulekorps stod for musikken, og framførte ei spesialskriven fanfare laga av dirigent Svein Roger Koppang.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den heiter Blaze of glory, og eg brukte om lag tre-fire veker på å laga den. Den skal vera litt pompøs og flott, slik som vindmøllene er når eg har sett dei frå flyet, seier Koppang.