På seminar i New York og Boston
Fem forskarar frå HVL, campus Stord, og fire partnarar frå barnehagar på Stord og Tysnes reiste nyleg saman til New York og Boston på prosjektseminar for å besøkja fagmiljøa til partnaren på New York University, professor Alex Ruthmann.
Bakgrunnen er Noregs forskingsråd sitt DigiSus-prosjekt, der HVL er ein sentral aktør, og leiar prosjektet.
– Det var ein hektisk, men interessant tur, ifølgje ein e-post frå HVL.
På turen var det alt frå besøk på museum som tilbyr kunstaktivitetar for barn i barnehagealder på dagtid, via diverse ekskursjonar og presentasjonar, til nettverksbygging og ikkje minst erfaringsutveksling.
– Eine dagen jobba me intenst med å vidareutvikla designa i dei estetisk og digitale sanseromma og vart introdusert for ei ny type teknologi som kan koplast saman med Makey Makey. Ettermiddagen vart nytta til å presentera prosjektet for studentar og tilsette ved musikklærarutdanninga ved Steinhardt School of Culture, Education, and Human Development og om kvelden la stipendiat Kirsti Aksnes prosjektet fram for dramastudentar og underviste i lag med David Montgomery, kollega med Alex Ruthmann, heiter det i e-posten frå Oded Ben-Horin, som er instituttleiar ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).
Dei som deltok på turen var Vigdis Vangsnes, Liv Ingrid Fjellanger, Katrine Borgenvik, Kirsti Aksnes, og Ingrid Grønsdal (prosjektleiar) frå HVL, og Maren Odland frå Sagvåg maritime barnehage, Mariann Lie Helland frå Sæ barnehage, Martin Stensaker Rio frå Onarheim barnehage (Tysnes) og Ingrid Dalland Raa frå Vågsmarka barnehage (Tysnes).