Slik vil Tyse og Liverød utvikla Leirvik sentrum
Hotell på Nattrutekaien, helsepark og parkeringshus under Torget. Slik vil Kurt Arne Tyse og Thore Liverød i Borggata Futurum skapa liv i sentrum.
– Om politikarane verkeleg meiner noko med sentrum og ynskjer å skapa liv i Borggata, så har dei no fått med seg aktørar som kan bidra til å dette kan verta realisert, seier Kurt Arne Tyse.
Hotell og helsepark
Onsdag var eigaren av Borggata Futurum i formannskapet på Stord, der han orienterte om planane som Borggata Futurum har for bygget, Nattrutekaien, og Torget. Og det er ikkje små planar dei har. Kurt Arne Tyse eig halvparten av Borggata Futurum. Den andre halvparten eig Thore Liverød.
* Dagens Borggata Futurum vert gjort om til helsepark på 4.000 kvadratmeter, der ein samlar både helsetenester og tilbod knytt til dette.
* Hotell på Nattrutekaien, bygd i massivt tre, og der sjølve dagens kaiområde vert utvida 6–12 meter lenger fram.
* Parkeringshus under Torget, med tilkomst via tunnel frå Grisarompa.
Liv i gata
Tyse seier til Sunnhordland at det er snakk om kolossale investeringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, dette vil vera kapitalkrevjande. Men men har bygd for mange hundre millionar på Heiane, og no skal me ned i sentrum. Og det er til sjuande og sist leigetakarane som betalar, fortel han.
Politikarane i formannskapet fekk høyra at dei allereie før jul vil byggjemelda endringar på helseparken, der ein planlegg å opna opp mellom nummer 7 og 9, og byggja ein glasfasade i front.
– Her er me i gang med å førebu leigetakarar, og flytta om i etasjane. Sjølve byggjemeldinga vil komma til kommunen før jul, seier han, og meiner dette skal gå fint innanfor dagens reguleringsplanar.
Dei har tilsett Åsa Eldøy som leiar for helseparken, og reknar med at denne vil vera i full drift om eit par års tid.
– Me tenkjer at det vil skapa mykje liv i gata om ein samlar desse funksjonane på ein stad. Det er meir folk som kjem og går til eit legekontor i løpet av dagen, enn til eit advokatkontor der ein kanskje låsar seg inn klokka 8 og går klokka 16 igjen til dømes, sa Tyse.
Hotell
Når det gjeld hotellet på Nattrutekaien så bad Tyse om at ein ikkje kravde ein heilt ny sentrumsplan for tiltaket, sidan dette tiltaket ikkje er innanfor gjeldande kommunedelplan. Han håpte at dei i løpet av eitt års tid ville vera komme langt i planlegginga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me er i samtalar med to konkrete hotellkjeder, men det er sjølvsagt altfor tidleg med nokre konkrete avtalar, sa Tyse.
Politikarane i formannskapet var nøgd med planane.
– Endeleg skjer det noko, sa Sverre Olav Svarstad (H).
– Kva med infrastrukturen på Torget, spurte Lene Pilskog (Ap)
– Me har levert eit prisestimat til kommunen der ein ser føre seg kostnadar med å byggja under torget. Dette er utarbeidd i samarbeid med Veidekke, som har erfaring med slike anlegg, sa Tyse.
Til Sunnhordland seier Tyse at estimatet på å utbetra infrastrukturen under Torget er om lag 30 millionar kroner.