Hallgeir Matre ynskjer å blåsa nytt liv i lokallaget til Naturvernforbundet.
Hallgeir Matre ynskjer å blåsa nytt liv i lokallaget til Naturvernforbundet. Foto: Egil Blomsø

Vil blåsa liv i Naturvernforbundet

Hallgeir Matre ynskjer å få organisasjonen aktiv på Stord igjen.

Bakgrunnen er eit klimamøte i samband med Berekraftsveka på Stord.

– Stord sin eigen klimaforskar, professor og leiar for Bjerknessenteret Tore Furevik, heldt eit urovekkjande faktaforedrag om klimautviklinga. Han kom med klar melding om at me har ein vanskeleg, men heilt nødvendig veg å gå for å nå berekraftsmåla våre. Norge er ei sinke på grunn av olje- og gassproduksjonen, og det må ein storstilt politisk snuoperasjon til skal me få ned klimagassutsleppa så mykje og så raskt som me har forplikta oss til. Det hastar, men det er mogeleg. Furevik meinte at sluttrapporten frå klimamøtet i Polen gir håp, skriv Matre i ei pressemelding.

På same møtet heldt fylkessekretær i Naturvernforbundet, Synnøve Kvamme, òg foredrag og oppfordra folk på Stord tilbake til aktiv teneste igjen.

– I mars vil me ha eit «restartingsmøte» med mål om å få til ny aktivitet med eit nytt styre. Då er det viktig at mange yngre vil vera med og «forfriska» laget, skriv Matre i pressemeldinga.

– Klimamøtet var ei understreking av kor viktig det er å få til ny aktivitet i Naturvernforbundet på Stord. Me treng eit aktivt, konstruktivt lag som kan hjelpa fram endå fleire grøne løysingar i lokalmiljøet vårt, skriv Matre.