Forklaringa på dette grepet er at dei vil kvitte seg med ei utgift. Men er det så enkelt? Og er det i takt med tida?

Me jobbar på Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Her har me ein sterk tradisjon innanfor utdanning i estetiske fag, som musikk og kunst og handverk.

Kunstfaga tapar terreng

Me ser med uro på forslaget om å leggje ned musikklinja på Stord vidaregåande skule, og for utviklinga for kunstfaga i skulen. Dei estetiske faga har lenge tapt terreng i eit stadig meir teoritungt utdanningssystem. Mens det totale timetalet i grunnskulen har auka, har talet for kunstfaga stått stille.

Då er det kanskje ikkje så rart at færre vel å gå på musikklinja? Det er lite undervisning i desse faga i grunnskulen og lærarar med slik kompetanse blir ofte ikkje prioritert.

Teoritungt og einsidig

Eit døme på kvifor kompetanse i musikkfaget er viktig, fekk me gjennom forskingsprosjektet «Skole og konsert – frå formidling til dialog (DiSko)». Me oppdaga at musikkfaget på ein del skular var teoritungt og einsidig. I dette prosjektet samarbeida musikarar og lærarar om opplegget i musikktimane til elevane.

Kari Holdhus. Foto: Høgskulen på Vestlandet

Her fortel elevar kva som blei annleis i undervisninga:

Forskar: Kan eg spørje kva de tenker om musikkfaget, ikkje på DiSKo, men det de elles har gjort i musikkfaget gjennom skulen?

Elevar: Det har vært sånn, i alle fall i fjerde, så var det litt sånn «denne musikken var i dette året og denne typen musikk var i dette året» … DiSko er veldig annleis, her lærer vi instrumenter … Og når vi skulle lære sanger, så gjorde vi mer, stod i ring, trampet og sånt, slik at alle synger.

Ei endring på veg?

Den siste tida har me sett teikn på at pendelen er i ferd med å snu. Den nye læreplanen i grunnskulen krev lærarar med estetiske fag i bagasjen, og med praktisk og kunstfagleg metodekompetanse. Me håpar det og kjem krav om fagkompetanse i kunstfaga.

Desse faga er viktig, fordi dei gir elevane andre perspektiv og erfaringar enn det dei får i norsk, matte og engelsk.

Musikk og kunst bind menneske saman. Det skapar augneblikk og erfaringar som formar oss som menneske og som samfunn.

Kunstfaga er og spesielt eigna til å skape fordomsfrie relasjonar mellom menneske, fordi kunsten er fleirtydig, og dermed trenar deltakarane til å halda seg til eit mangfald av menneske, synspunkt og uttrykksmåtar.

Mange mogelegheiter

Det er lett å peike på at folk ikkje blir musikarar av å gå på musikklinja, og at dei estetiske faga ikkje bidrar til budsjetta på same måte som utdanning i realfag eller yrkesfag.

Nokre foreldre er kanskje engsteleg for at deira dotter eller son skal fordjupe seg i musikk. Kva kan ein bli? Frilansmusikar som slit med å få endane til å møtast?

Slik er det heldigvis ikkje. Nokre blir kanskje frilansmusikar, nokre blir musikarar som tenar godt, medan mange endar opp i heilt andre yrke. Nokre blir til dømes lærarar, som oss.

Noko å ta med seg i livet

Og me menneske utdannar oss ikkje berre til yrker, me utdannar oss til å bli nettopp det – menneske.

Å studera musikk og kunstfag gjer deg kreativ. Du får tid til å lytte og ta inn. Til å skape og uttrykke deg. Du lærer å kommunisere med andre. Ei slik utdanning er aldri forgjeves.

Det å ha vore elev ved musikklinja, på folkehøgskule eller på årsstudium i musikk ved høgskulen, er noko å ta med seg i livet.

I takt med tida

Vi veit at musikk og estetiske fag bidrar til danning. No står denne danningskjeda i fare for å bli broten på Stord. Det er kanskje meir alvorleg enn mange trur.

Slik vi ser det, er musikklinja svært viktig for heile det musikalske og kunstfaglege miljøet på øya – dette inkluderer skular, institusjonar, kor, korps, band, organisasjonar, grupper og enkeltmenneske.

Utan musikklinja blir det eit stort tomrom i det kreative landskapet som er bygd opp på Stord. Det vil ramme heile sunnhordlandsregionen, og det er heller ikkje i takt med tida.

Når ein har dårleg råd er det freistande å kutte det som kostar mest pengar akkurat her og no. Men viss ein ser på verdien, fordelane for samfunnet og enkeltindivida som vel musikk, så ser ein at det er ei investering i framtida.