Musikk, dans og drama ved Stord vgs. er føreslått nedlagt og Stord kulturskule vert regelrett «rasert» av Stord kommune.

Musikklina ved Stord vgs. har i alle år den har eksistert vore særs verdfull for ungdom som ynskjer seg generell studie­kompetanse, og samstundes vil uttrykkje seg gjennom kunst og kultur. Dette er ei line som femner om alle typar menneske, ikkje berre dei som vil satse på ein yrkesveg gjennom musikk, dans eller drama, men like mykje dei som treng ein meistringsarena der eigenutvikling gjennom kulturelle uttrykk står i fokus. Det er ei uvurderleg line for regionen, både som springbrett til det profesjonelle kulturlivet og for alle dei ungdommane som har behov for å uttrykkje seg gjennom musikk, dans eller drama.

Musikklina har i heile si levetid vore ein viktig samarbeidspartnar for fritidsmusikklivet i regionen, og ein «leverandør» av ressurssterk ungdom både til kor, korps og andre kulturelle aktørar i regionen vår. Fylkeskommunen viser til låge søkjartal, men det burde vel ikkje overraske nokon, med tanke på at dei estetiske faga får mindre og mindre fokus i grunnskulen, og dessutan at me i åra med pandemi har sett ein markant reduksjon av ungdom som deltek i organiserte fritidsaktivitetar. Dette er sjølvsagt ei særs urovekkjande utvikling, og heilt openbert medverkande til lågare søkjartal ved ein line som musikk, dans og drama. Tidsperspektivet fylkespolitikarane held seg til i dette tilfellet, må kunne seiast å vera altfor kort, og den negative konsekvensen på lang sikt, vil vera langt større enn den økonomiske vinsten ved å ta frå Sunnhordlands-regionen eit av særs få tilbod innan estetiske fag. Ei nedlegging av musikk, dans og drama vil utan tvil ha særs negative konsekvensar for kulturlivet i Sunnhordland.

Stord kommune på si side føreslår at dansetilbodet ved Stord kulturskule vert lagt ned. Det største tilbodet ved den ein gong største kulturskulen i Sunnhordland.

Stord kulturskule har ikkje lenger den posisjonen, då den i det stille gjennom mange år har vorte gradvis redusert. Samanlikna med tidlegare år vil elevtalet ved kulturskulen faktisk vera halvert. Om dette forslaget går gjennom, ligg regionssenteret Stord langt etter nabokommunane med tanke på kulturelle tilbod for born og unge. Norsk kulturskuleråd har uttrykt eit nasjonalt mål om at 30 prosent av elevane i grunnskulen skal ha eit tilbod gjennom kulturskulen. Dersom Stord kommune held fram nedbygginga av kulturskulen, vil den tidlegare «bautaen» blant kulturskulane i Sunnhordland tilby elevplass til i underkant av 16 prosent av elevmassen i Stord kommune.

Kulturskulen skapar livskvalitet og sosial berekraft, heiter det i Norsk kulturskuleråd sin rammeplan. I desse tider der psykisk helse blant born og unge får mykje fokus, er det heilt naturleg å stille spørsmål ved ei nedbygging av eit tilbod som faktisk kan bidra til god psykisk helse. Ein meistringsarena der læring vert tilpassa den enkelte, der alle skal få «bløme» og vera ein del av eit sosialt miljø, der ein får lære seg samhandling med andre, der dei får trene på å stå i og takle motgang og ikkje minst utvikle evna til å stå støtt på eigne bein. Kva vert konsekvensane av å spare desse kronene på sikt? Det er nærliggjande å tenkje at desse innsparingane kan føre til langt større utgifter i åra som kjem, med endå fleire som treng hjelp gjennom helsevesenet.

For fire år sidan vart me råka av ein pandemi, noko som har påverka samfunnet på uendeleg mange måtar. Fleire og fleire fell frå sine fritidsaktivitetar. Kva nyttar alle desse borna og ungdommane tida si til i dag? Det skal seiast at me ser ein positiv trend, og det kan verke som om pila er i ferd med å peike opp att med tanke på kor mange born og unge som deltek på fritidsaktivitetar. Noko som sjølvsagt er særs gledeleg. Då er det mildt sagt uheldig at Stord kommune klarar å sjå forbi så mange av dei unge som veks opp i denne kommunen, og syt for at dei mister mogelegheita til å få delta på til dømes dans i kulturskulen. Eit nærast sjølvgenererande tilbod, der innsparingane til kommunen ved nedlegging er minimale.

Me vonar dei folkevalde politikarane i Vestland fylkeskommune og Stord kommune ser kva musikk, dans og drama ved Stord vidaregåande skule og Stord kulturskule betyr for breidda i kulturlivet i Sunnhordland, og at dei ynskjer å skape gode levekår for born og unge i regionen vår.