Varaordførar Sigurd Andre Maraas vonar at fitjarbuen ser verdien i avgjerda om først å halvere, så fjerne eigedomsskatten. Tja, nokre av innbyggjarane gjer sjølvsagt det, medan me og er ein del som synest dette er dårleg politikk. Underteikna høyrer til blant dei siste, og årsakene til det er fleire.

1) Koalisjonen har ikkje gjort det klart kva prisen er for lågare eigedomsskatt. Så lenge me ikkje veit kva som må kuttast i dei offentlege utgiftene, meiner me det er svært risikabelt å fjerna denne inntekta. For det er vel ikkje slik at Fitjar kommune går med stort overskot?

2) Eigedomsskatt er den einaste inntekta kommunane sjølv har kontroll på. Resten kjem frå statleg hald etter ulike fordelingsnøklar. Det betyr at dette er midlar kommunen kan styrke budsjettet med, slik at ein har litt meir å dele ut til fellesskapen.

3) Når ein eig hus og/eller hytte, betyr det at ein disponerer ein formue. Det burde ikkje vere urimeleg at ein då og skattar litt av denne fordelen. Me snakkar om maks fire promille av eit skattesatsgrunnlag som kommunen fastset.

4) Fitjar kommune har ikkje merka seg ut med romslege budsjett. Å ta ansvar, som Maraas seier i lesarinnlegget, handlar ikkje berre om å ta ansvar for at enkeltmennesket skal få meir i lommeboka, det handlar og om å ta ansvar for fellesskapen. For gode tilbod til born og unge, for eldre og hjelpetrengjande, for funksjonshemma, for gatelys, for kyrkja, for kultur- og fritidstilbod. Det er slike faktorar som betyr mest for folk som vurderer å flytte til bygda. Langt sjeldnare er det eigedomsskatten (som i Fitjar låg på 2 promille i 2023).

Til slutt vil me minna om at ordføraren førre veke forsvarte vedtaket om berre å ta imot flyktningar frå Ukraina med at «kommunen ikkje er rigga for andre flyktningar». Kva er det å rigga for flyktningar?

Sannsynlegvis handlar det om bustader, arbeidsplassar, språkopplæring og kulturelle forskjellar. At det medfører lågare utgifter å ta imot flyktningar frå berre eitt land, vert ikkje nemnt i denne samanhengen, men me sit med ei vond kjensle av at her ligg det også økonomiske motiv bak vedtaket. Om det ikkje er økonomiske motiv, kva er det då? Me får håpe det ikkje er motiv som enkelte av oss fryktar, for det kan ikkje bygda vår vera kjent av.

Sigurd Andre Maraas har fått med seg fleirtalet i kommunestyret på ekte Frp-politikk. Kva konsekvensen av det blir, står att å sjå. Me får håpe at det ikkje går utover tilbodet til fitjarbuen, fellesskapet og flyktningar som kjem til bygda.