2023 var året då Sunnhordland rulla ut fleire teknologiske produkt og gjennomførte gravejournalistikk av prisvinnande kvalitet. Det var òg eit år der redaksjonen i lengre periodar var underbemanna og det blei meir å gjera på kvar enkelt.

Redaksjonen har like fullt auka trafikken, og hatt ein kraftig auke i talet på digitale abonnentar.

Sunnhordland har vore tettare på nyheitsbiletet med god bruk av nyheitsstudio. Me har vore tettare på folk sine liv gjennom nære og sterke historier. Men me har også prioritert bort andre satsingar i eit år der det å få turnuskabalen til å gå opp - og det å rekruttera nye, kvalifiserte medarbeidarar - har kravd mykje innsats.

Fakta om Sunnhordland i 2023

  • Samla opplag: 7.265

  • Utgjevarstad: Stord

  • Daglege lesarar totalt: 17.188

  • Daglege lesarar på nett: 11.473

  • Daglege lesarar på mobil: 9.255

  • Papirutgåve: Tysdag, onsdag, fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 9

  • Antal sider produsert: ca. 5.800

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonser:

  • Antal leiartiklar: 1

  • Antal kommentarar: 0

  • Antal lesarinnlegg på nett: ca. 200

  • Antal refuserte lesarinnlegg: ca. 70

  • Antal gjestekommentarar: 0

  • Antal kronikkar: 0

Marit Holm var ansvarleg redaktør i Sunnhordland i 2023. I 2024 går ho tilbake til Bergens Tidende. Vidar Hope er for tida konstituert som ansvarleg redaktør. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Mål og prioriteringar

Me skal vera best i verda på nyheiter frå Stord og Fitjar, og dekka dei største og viktigaste sakene i heile regionen.

Me skal gje informasjon og forklara hendingar, og engasjera og fremja den politiske debatten. Me skal sjå makta i korta og vera vaktbikkje. Samstundes skal me løfta fram personar og initiativ som gjer at lokalsamfunnet vårt blir ein betre stad å bu og leva.

Mathias Larsen Lussand blei kåra til Årets namn 2023 av Sunnhordland sine lesarar. Foto: Jonas Tislevoll

Sunnhordland er til for lesarane. Skal me lukkast med å få fleire nøgde abonnentar må me kjenna behova deira, og vera tett på sakene som er viktige for dei.

Me vil bli ei større, betre og viktigare avis.

Då må me styrka oss som nyheitsdestinasjon, og ta ein større digital posisjon.

Fleire digitale abonnentar gir høgare inntekter. Det kan finansiera fleire journalistar, og gjera oss betre i stand til å løysa samfunnsoppdraget i lokalmiljøet vårt og i regionen vår.

Avisa si samfunnsrolle

Med ein sterk posisjon følgjer høge forventningar og eit stort ansvar for lokalavisa i regionen. Sunnhordland sitt overordna samfunnsoppdrag er å halda folk på Stordøya og i Sunnhordland oppdaterte på det viktige som skjer. Gjennom å formidla historiene til folk som lever her, skal me hjelpa lesarane til å forstå lokalsamfunnet.

Nokre gonger er det viktige som skjer skjult. Difor er det heilt avgjerande å driva med kritisk og undersøkjande journalistikk. Her løfta me oss nokre hakk i 2023, og det har me vidare ambisjonar for framover.

Prosjektet Tesla-saka er eit døme på dette. Det starta i mai 2023 og siste ord er ikkje skrive. Sakene handlar om korleis Tesla fekk byggja ladestasjonar på ein kommunal parkeringsplass. Gjennom grundig innsynsarbeid får journalistane fram fleire problematiske sider ved det som, for mange, kan verka som ei triviell sak.

Ein ny Tesla-ladestasjon på parkeringsplassen ved idrettsanlegg vekte nysgjerrigheita hos Sunnhordland sine journalistar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland kan framleis bli ein meir sentral arena for lokal debatt. Og me har meir å gå på når det gjeld å nå yngre målgrupper og ta i bruk fleire plattformer.

Ved god hjelp av eksterne bidragsytarar har Sunnhordland gjennom 2023 også fordjupa lesarane i lokalhistorie.

«Krise og underslag velta banken» er tittel på éi av mange historiske saker som blei publisert i 2023. Foto: Severin Kannelønning (arkiv)

Prisar

Sunnhordland er først og fremst stolte over å dela ut prisen Årets namn i Sunnhordland i desember kvart år. Her er det lesarane som nominerer kandidatar og røyster fram ein verdig vinnar. Kåringa skaper stort engasjement år etter år.

Nyheitsleiar Hilde Vormedal Nybø tok imot pris for artiklane i Tesla-saka på Vinterkonferansen 3. februar i år. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland har sendt inn kandidatar til fleire priskåringar for 2023. Per februar har redaksjonen vunne pris for den nemnde Tesla-saka på Vinterkonferansen som er i regi av Haugesund journalistlag (HJ). Hilde Vormedal Nybø tok imot prisen 3. februar. Nybø fekk også heiderspris av HJ for innsatsen som journalist gjennom 25 år same helg.

Journalist Kristine Brandsdal Barane fekk i 2023 utdelt Polaris-pris for podkast-serien «Camilla vil ha baby». Arbeidet med serien starta i 2021, og vart avslutta i 2023.

Journalistfagleg utvikling

Redaksjonen har gjennom dei siste to åra blitt meir strukturert i evalueringsarbeidet. I tillegg til daglege refleksjonar blir det også på vekebasis gjort ei grundigare evaluering av kva me fekk til og kva som ikkje fungerte like godt.

Det er mykje god kompetanse internt i gruppa. Me har eit større fokus på å læra opp kvarandre, mellom anna med miniforedrag for heile redaksjonen. Det kan vera tekniske løysingar i samband med publisering eller metodebruk, som innsyn i offentlege dokument. I løpet av året er det også innført ordning som deskjournalist, der medarbeidarar jobbar saman med frontansvarleg og får grundigare opplæring i publiseringsverktøy m.m.

Redaksjonen har delteke på ulike webinar og bransjekonferansar i løpet av året. Døme på det er Skup, LLAs landsmøte etc. Deltakinga på Skup i Tønsberg var del av satsinga på betre og meir undersøkande journalistikk. Det har også resultert i at Sunnhordland for første gongen har kandidat til vårens Skup.

Redaksjonen har hatt «robotseminar» med BTs Jan Stian Vold. Det skjedde i samband med implementeringa av bedriftsroboten og bustadroboten som leverer automatiserte tekstar. Saman med Vold og United Robots har Sunnhordland omsett til nynorsk og har dermed verdas første nynorske bustad- og bedriftsrobotar.

Etikk

Etikk blir jamleg diskutert på den vekevise evalueringa. Me diskuterer til dømes grad av identifisering og bruk av bilete i samband med dekking av ulukker og mogeleg kriminalitet. Terskelen for kva tid ein skal tilby samtidig imøtegåelse, og kva slags presisjonsnivå dette krev, er ein annan gjengangar.

På møta går me gjennom relevante PFU-avgjerder.

Kjelder

Menn blir ofte hovudkjelda, slik er det hos Sunnhordland òg. Når det er sagt er Sunnhordland mindre topptung og tettare på «vanlege» folk enn andre større redaksjonar. Avisa er jamt over i augehøgd med lesarane.

Ein del kjelder «går igjen» på enkelte område, og ein del saksfelt og miljø der me ikkje veit nok om det som skjer. Noko handlar openbert om ressursar: Når det er glissent på morgonmøtet og tomme katalogar, er det sjølvsagt enklast og mest effektivt å gå til dei kjeldene som ein kjenner og veit pleiar å levera. Slik har 2023 tidvis vore.

Men gjennom evalueringsarbeidet i løpet av 2023 har me oppdaga at nye fjes, yngre fjes og andre typar historier ofte slår an hos lesarane. Eit grep me tok i 2023 var serien «Vaksen?» og ein serie om butikksjefar i varehandelen på Heiane på Stord. Dette har fått ned snittalder på kjeldene og gjeve betre fordeling på kjønn.

Mest leste saker

Dette er våre mest leste saker i 2023, rangert etter tal på sidevisingar.

  1. Kvinne i 30-åra funnen død på Stord

  2. To personar til sjukehus

  3. God gammaldags høflegheit (debattinnlegg)

  4. Mann funnen død etter leiteaksjon

  5. Kjære Stord DPS, kor sjuk må eg vera? (debattinnlegg)

  6. Magnus Mjør er død

  7. – Me er i sjokk og totalt knust

  8. Dette seier politiet om brannen i Sagvåg (brann i mars)

  9. TV-heltane mobiliserer på ny

  10. Dette seier politiet om brannen i Sagvåg (brann i september)

  11. Politiet: Mann deltok på familiedugnad. Trådde gjennom tak og omkom

  12. Turlaget i sjokk: – Dette er heilt uakseptabelt

  13. «Du mamma, slapp heilt av, dette går fint»

  14. Bilførar omkom etter utforkøyring på ferjekai

  15. Han blir ordførar på Stord

  16. Løyste to varselskot: To personar til sjukehus

  17. Opnar dørene for venner og kjente

  18. Anni Røverdotter

  19. Då rådmannen fekk diagnosen forstod han kva som venta

  20. Tolv personar evakuerte etter brann

Sunnhordland har produsert om lag 5.800 papirsider i 2023.
Kristin Bjelland Håstø (55) fortalde om livet som ALS-pasient i Sunnhordland i oktober 2023.

Årets beste bilete

Her er eit lite knippe bilete tatt av våre fotografar i 2023.

Trillingbrørne Markus, Erik og Jonas har første skuledag på Hystad. Foto: Preben Ørpetveit Solberg
Kronprins Haakon blei teken imot av barnehageborn då han besøkte Aker Solutions på Stord i februar. Foto: Kjetil Østrem
Maja Rydland Laukhamar (9) held oppe vinnarloddet, medan søstera Ella Rydland Laukhamar (6) følgjer spent med. Dei er på Endre Olsen-konsert og dagkafé i Sagvåg saman med pappa Rune Rydland Svendsen. April 2023. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Martin og Sofie Nygård heime på Hovstad i Øvrebygda i Fitjar. Paret fortalde om tapet av tre av deira seks barn. Foto: Ingvild Siglen Berger
Ukrainske Lilia Sergeevna og stordabu Roy Gunnar Blom fann kvarandre då bombene smalt rundt dei i det krigsherja landet. Foto: Sondre Hansen
Gunnar Ingebrigtsen har vore soldat i Frelsesarmeen i 40 år. Sunnhordland intervjua han heime i Sagvåg i oktober. Foto: Jonas Tislevoll

Videoar

Mellom dei mest sette videoane i Sunnhordland 2023 er ein enkel snutt frå sprenginga av Gyda-plattforma på Stord. 50 kilo sprengstoff var det som skulle til for å legga installasjonen i bakken.

Sunnhordland hadde valdebattar i september. Politikarar frå Stord og Fitjar blei invitert til studioet som var plassert midt i redaksjonslokalet.

Den 80 år gamle bilen til Gunnar Gjerde er heilt spesiell. Det blei det videosak av i Sunnhordland i august.

Spørsmål frå Polaris-stiftinga

1. Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

– Ta vare på ytringsfridomen og pressefridomen, sjå makta i korta, legga til rette for sannheitssøkande journalistikk.

2. De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

– Våre redaksjonelle medarbeidarar skal ikkje uttrykka eigne synspunkt og meiningar om aktuelle og kontroversielle spørsmål i sosiale media. Dei tilsette er bevisste på eigen habilitet. Våre medarbeidarar skriv heller ikkje kommentarartiklar i avisa sine eigne spalter.

3. Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

– Nedsida av KI-utviklinga er stor. Det blir stadig viktigare at me som redaksjon er kjeldekritisk og oftare stiller spørsmål om noko er sant eller usant. Reint teknisk er det fleire metodar for å vurdera om innhald er «fake». Kvar enkelt redaksjon bør i større grad vera obs på løgn og skjult agenda ved hjelp av KI. I tillegg har heile bransjen eit felles ansvar for at uavhengige publikasjonar skal oppretthalda tillit og truverd.

Dei viktigaste sakene

Størst av alt er breaking news. Sunnhordland har i tillegg fleire saker og satsingar me er stolte over i 2023:

Tesla-saka er nemnd tidlegare i denne årsrapporten. Artiklane blei til gjennom iherdig innsats av nyheitsleiar Hilde Vormedal Nybø som nekta å la seg stoppa sjølv om ho ikkje fekk innsyn. Det er skrive 15 artiklar, 13 av dei publisert mellom 6. oktober og 27. desember 2023. Den aller første saka er ei rein postliste-registrering/løypemelding frå 20. mai. Den (så langt) siste artikkelen er publisert 9. januar i 2024.

Reportasjen med ekteparet Martin og Sofie Nygård som har mista tre av sine seks barn har rørt Sunnhordland sine lesarar. Saka er blant dei mest leste i 2023.

Sunnhordland heldt trykket oppe både før, under og etter kommunevalet i september. Tradisjonen tru presenterte redaksjonen meiningsmålingar frå Stord, Fitjar og Bømlo. I år tok også vår mann Preben Ørpetveit Solberg regien med å skapa tv-debattar. Me fekk med oss veteranen Geir Rommetveit som programleiar og hadde fleire sendingar med lokalpolitikarar. Dette slo godt an.

SV-politikar Hilde H. Hauglid og Høgre-politikar Øyvind Kyvik i «Valdebatten». Foto: Preben Ørpetveit Solberg

11. og 12. september engasjerte me heile 70 prosent av abonnentane våre. Valdramaet heldt fram også etter valdagen. Sunnhordland var heile tida i førarsetet med å få siste nytt frå sonderingar og seinare forhandlingar.

I forkant av valet auka me satsinga på debatt. Me fekk ein formidabel pågang med lesarinnlegg og publiserte opp mot ni innlegg per dag då valkampen var på sitt heitaste.

– Eg slapp med skrekken, og kjenner meg blant dei heldige, sa kjøpmann Eivind Birkeland (47) som blei råka av hjernedrypp. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sunnhordland har gjennom året vore tett på folk sine liv. Som Rema 1000-kjøpmann Eivind Birkeland som besvimte på butikkgolvet og fekk «gult kort» av legane.

Eller ME-pasienten Rebecca (17) som i to år låg inne på eit mørkt soverom. Men som i 2023 spelte sitt livs viktigaste kamp.

Eller David (18) stod fram som transperson då han var 13.

David Milian Hauge aka Tammy Pa’Rompa leia an Storapride 2023 saman med mamma Lene Hauge. Foto: Henrik Mundal Andreassen